Internasjonale trendar til Volda

Foto: Dokfilm

Foto: Dokfilm

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen ønskar å vere ein boltreplass for bransjen, også dei neste tjue åra. 

Aron Bræstrup Løsnes er ein av to programansvarlige i Dokfilm, og har før festivalen i år pløyd seg gjennom over 200 filmar. Han studerar i tillegg dokumentarfilm på Høgskulen i Volda.

– Eg ser mykje film, men jobben som programansvarlig tvingar meg til å sjå dokumentarar, også når eg ikkje har lyst.

Korleis blei du involvert i dokumentarfilmfestivalen?

Aron Bræstrup Løsnes Foto Hans Ivar Moss Kolseth
Programansvarleg Aron Løsnes
Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

 – Det skjedde eigentleg ved eit tilfelle, men eg er veldig glad for at eg vart med! Som mastergradsstudent i dokumentarfilm, og med nokre år i bransjen, passa det meg veldig bra. Det er kjekt å jobbe med festivalen og alle dei hyggjelege folka som er involvert, seier Løsnes.

 Dokfilm er Noregs største og eldste dokumentarfilmfestival. Den går av stabelen 26. april, og held på til den siste dagen i månaden. Festivalen er drive av frivillige studentar frå Høgskulen i Volda. Aron er ein av to bookingansvarlege, og meiner at det er viktig at dei er fleire om arbeidet.

– Filmmiljøet i Noreg er lite. Om eg for eksempel kjenner ein filmskapar, kan ein av dei andre gi eit meir uavhengig blikk på filmen. Dette bidrar til å oppretthalde habiliteten vår, hevdar han.

Kva sjangrar likar du best?

Eg er altspisande, alt frå dei svevande poetiske, til dei meir ekspositoriske dokumentarane, og filmar om krig og konflikt. Eg likar først og fremst gode filmar.

(Saken forsetter under videoen).

 

Trendsettar

10 av dei 70 filmane på programmet er internasjonale, og festivalleiinga var på den internasjonale dokumentarfilmfestivalen i Amsterdam i november for å speide etter nyskapande produkt.

– Vi ønskjer å vise publikumet og filmskaparane nye tendensar og ting som skjer innan dokumentarfilm, utanfor Noregs grenser, seier Løsnes.

– Det fine med festivalen er den gode blandinga av veteranar og ferskingar innan bransjen, med det store mediemiljøet i Volda.

dokfilm Johanne og Aron
Johanne Sandvik og Aron Løsnes. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Eit enormt ansvar

– Det var først da eg vart med i styret for tre år sidan, at det gikk opp for meg kor stor festivalen er. "Shit", tenkte eg, dette er faktisk en festival, som filmbransjen i Noreg setter stor pris på.  Vi viser nokre av dei største filmane innan norsk dokumentarfilm. Blant anna "Nowhere to hide" som vann hovedprisen på verdas største dokumentarfilmfestival (IDFA), blir vist, seier festivalsjef Johanne Kristensen Sandvik.

Samarbeidar du mykje med tidligare involverte i festivalen?

–  God kontinuitet, og da spesielt rapportskriving fra andre år, er det som gjev oss moglegheita til å byggje på skuldrane deira. Eg prøvar å lære mest mogleg frå dei tjue årgangane som har vert før oss, og som i enkelte tilfeller har vert på festivalen i over ti år.

Kva er den største utfordringa med å vere sjef for Dokfilm?

– Ansvaret for å gjennomføre ein profesjonell filmfestival er stort. Man blir sjølvsagt redd for å mislykkast, fordet det går utover så mange andre enn seg sjølv, sei ein audmjuk Sandvik.