Storsigrar for Volda og Bergsøy i 4. divisjon

VOLDA: G16 skal møte lag fra hele fylket kommende sesong.

Fire lag frå Søre Sunnmøre var i aksjon i 4. divisjon fredag. Både Volda og Bergsøy vann sine kampar med store siffer, medan Larsnes/Gursken tok viktige poeng heime mot Langevåg

Volda tok sin fjerde strake siger i heimekampen mot Hareid. Kenneth André Hole skåra det første målet med eit skot frå 25 meter etter 11 minutt, og grøntrøyene gav seg ikkje før stillinga var heile 9-0. Tre av måla kom i dei siste tre minutta av ordinær speletid. Heile åtte ulike spelarar skåra for heimelaget, mellom andre Tobias Vassbotn Evebø som skåra to.

Med fire kampar att av sesongen ligg Volda no på tredjeplass, eitt poeng bak Bergsøy. Hareid ligg på si side på femte, to poeng bak Emblem.

Bergsøy slo tilbake

Bergsøy gjekk på eit skuffande tap borte mot Rollon i førre runde, men gjorde det betrakteleg betre når dei tok imot botnlaget Norborg heime. Allereie til pause var stillinga 6-0 på Havila Stadion i Fosnavåg. Andre omgang vart rolegare, og sluttresultatet vart 8-0. Martin Sørvik Røren skåra tre av måla for heimelaget. Franjo Tepuric og Thomas Sætre Hauge fekk to mål kvar, medan Daniel Jøsok Kvalsvik skåra eitt. 

Laget frå Herøy ligg no på andreplass, med fem poeng opp til Hødd 2, som har spelt ein kamp mindre. Hødd 2 skal spele heime mot Sykkylven måndag.

Viktig siger for Larsnes/Gursken

Larsnes/Gursken fekk med seg tre viktige poeng i heimekampen mot Langevåg. Tor-Jørgen Kleppe sende heimelaget i føringa etter 24 minutt, før Langevåg utlikna frå straffemerket 12 minutt seinare. I andre omgang skåra både Karl Bringsvor og Jan Petter Mork for heimelaget, som vann kampen 3-1.

Med tre poeng auka Larsnes/Gursken avstanden ned til nedrykksplass til ni poeng, og bør no vere sikra spel i 4. divisjon også neste sesong. Dei har eit tøft program i dei fire siste rundane, så det var svært viktig å få med seg alle poenga frå denne kampen.