Torsdagskampane i 4. divisjon: Heimesiger for Hareid

VOLDA: G16 skal møte lag fra hele fylket kommende sesong.

Av laga frå Søre Sunnmøre var det berre Hareid som klarte å vinne sin kamp i 4. divisjon torsdag. Hødd 2 klarte berre uavgjort mot Emblem, medan Larsnes/Gursken gjekk på eit stortap mot Sykkylven.

Hareid låg lenge under mot Skarbøvik, men klarte å snu kampen i siste liten. Ruben Kenneth Brandal utlikna etter 77 minutt, før Henrik Grimstad skåra sigersmålet 4 minutt på overtid. Sigeren flytta Hareid opp på ein fjerdeplass før kampane mot Volda og Bergsøy.

Etter kampen sa trenar Kenneth Moldskred til Vikebladet at han var godt fornøgd med sigeren, etter ein andre omgang der han meiner det stort sett var einvegskøyring mot målet til Skarbøvik.

– Det var det verkeleg. Så er det ikkje mykje som er kjekkare enn å vinne fotballkampar med siste spark på ballen, i siste minutt. Dette var ein fin siger, og viser kor viktig det er å ha trua. Positiv energi og positivt kroppsspråk, det gjer mykje med ein. Det var ein god andre omgang, og ein ufatteleg fin siger heilt på slutten.

Stortap for Larnes/Gursken

Larsnes/Gursken tapte heile 5-0 borte mot Sykkylven, etter mellom anna eit sjølvmål av Bjørn Vikanes og to mål av Håkon Hunnes Hansen. Etter tapet ligg laget på ein åttandeplass, med seks poeng ned til Langevåg på nedrykksplass.

Neste kamp mot nettopp Langevåg kan bli svært viktig for Larsnes/Gursken, sidan dei skal møte alle topp 3-laga før sesongen er over.

Serieleiar gjekk på poengtap

Elles i runden spelte serieleiar Hødd 2 uavgjort 1-1 borte mot Emblem. Emblem har gjort det bra sidan serien starta opp att etter ferien, med fem strake sigrar og fire kampar utan å sleppe inn mål. Hødd 2 stod på si side med fire strake sigrar før kampen torsdag.

Bergsøy, som ligg på andreplass, spelar borte mot Rollon fredag. Med siger kan dei redusere luka til Hødd 2 ned til fem poeng, med fem kampar att av sesongen. Volda ligg på tredjeplass før bortekampen mot Norborg, fire poeng bak Bergsøy.