Flytter til USA for å spele volleyball 

Aarflot skal til USA å spele volleyball

FÅR DRAUMEN OPPFYLT: Torkil Sangholt Aarflot fekk draumen oppfylt då University of Mount Olive tok han inn på skulens volleyballprogram. FOTO: Ingrid Telset Heltne

Torkil Sandholt Aarflot frå Volda gler seg til han skal spele volleyball for eit amerikansk universitet til hausten. 

– Eg sendte inn nokre videosnutter av høgdepunkter frå sesongen, og etter ei lita stund fekk eg svar, seier Aarflot som spelar volleyball for Volda KFUM. Han hadde kome inn på University of Mount Olive i North Carolina, sitt volleyballprogram som startar til hausten.

– Eg vart veldig glad og stolt då eg fekk vite at eg kom inn. College-volleyball er den største divisjonen i USA, seier han. Aarflot gle seg til skolestart, og seier at volleyball der er noko heilt anna enn det han er vand til.

– Amerikanarane verdset atletar på ein heilt anna måte enn her, seier han.

– Eg har høyrt at dei reiser rundt i privatfly, seier 18-åringen som har på seg KFUM Volda genseren for anledninga.

Studerer på sida

Aarflot skal vere i statane dei neste fem åra, der skal han studere til å bli fysioterapeut, samtidig som han får spela volleyball.

– Eg vil helde på med volleyball så lenge som mogeleg, men når det ikkje går lenger, vil eg gjerne jobbe med det. Derfor vil eg bli fysioterapeut, seier han. Fysioterapi er viktig for utvikling og oppfølging av idrettsutøvarar. Studiet varar i fem år og Aarflot skal bu i North Carolina heilt til han er ferdig utdanna.  

– Kjem du til å få heimlengsel?

– Heilt sikkert, eg skal jo berre heim til sommar og jul, men familien snakkar om å kome på besøk, seier han.

Gjekk på volleyballskule

Men Aarflot er vand til å vere vekke frå familien. Dei siste tre åra har han gått på Sauda Videregåande skule i Sand, i Rogaland. Der ligg ”ToppVolley”, nasjonalt senter for å utvikle unge utøvarar innan volleyball.

– Elevane trenar 20 til 25 timer i veka og det er eit mål om at elevane skal utvikle seg til å kvalifisere til internasjonalt nivå, seier avdelingsleiar på ToppVolley, Øyvind Marvik. Han seier at elevane bur på internat og har full skule på sida av treninga. Programmet i Sand har omtrent 70 elevar fordelt på tre årstrinn og er anerkjent i Volleyballmiljøet.

– Eg trur ikkje eg hadde vore der eg er i dag om det ikkje hadde vore for ToppVolley, seier Aarflot.

Aarflot spelte sitt første NM i 2012 då han var 14 år gamal. Etter dette har han berre forelska seg meir og meir i sporten. Han fortel at han likar volleyball fordi ein må følgje med og bruke hovudet, samstundes som han får vere i fysisk aktivitet. 

Sjå videoen som sende Torkil til USA her: