Rekordlåge aborttal i Møre og Romsdal

Prevensjon

Prevensjonsmiddel er lettare å få tak i, noko som gjenspeglar seg i dei låge aborttala.                                                  Foto: Marita Solheim

Møre og Romsdal er eit av tre fylker med færrast abortar. Tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det vart utført 493 abortar i fylket i fjor. For fem år sidan var talet heile 616.

– Kvinner må få lov til å bestemme over sin eigen kropp, meiner Ellen Grete Bersås, jordmor i Ulstein Kommune. Livssituasjonen til kvinna kan by på store utfordringar i samband med eit svangerskap. Bersås anbefalar tett oppfølging frå helsepersonell og samtalar med dei aller næraste, sjølv om kvinna har det siste ordet.

– Korleis vil ein eigentleg reagere etter inngrepet? spør Bersås hypotetisk. Ho anbefalar alle som vurderer abort å tenkje seg godt om.
– Det er eit svært vanskeleg val. Det pregar deg for resten av livet, fastslår Bersås.

Nedgang på landsbasis

Saman med Vest-Agder og Aust-Agder hadde Møre og Romsdal den lågaste statistikken på abortar i fjoråret. Totalt blei det utført 13 169 abortar i Noreg. Det er det lågaste talet sidan Abortregisteret ved Folkehelseinstituttet blei oppretta i 1979. Det er ein nedgang på seks prosent frå året før. Dette kjem fram i den årlege statistikkrapporten frå Folkehelseinstituttet.

Folkehelseinstituttet sin rapport om svangerskapsavbrot for 2016

Kva er grunnen til nedgangen i antal abortar?
– Prevensjonsmiddel er lettare tilgjengeleg, fortel Bersås. Bersås fortel at p-stav og p-piller er mest populært blant dei unge, medan eldre kvinner i stor grad føretrekk hormonspiral.

Sara Wiik er jordmor og jobbar i Amathea Ålesund. Amathea er ei norsk stifting som fungerer som rettleiingsteneste for uplanlagt svangerskap. Wiik trur betre kunnskap og meir fokus på førebyggande helsearbeid er ein viktig faktor for å halde talet på abortar nede.

Sara Wiik
Sara Wiik                                                                                                Foto: Privat

Auke i prevensjonsmidlar

– Seksualundervisning er viktig! Med auka kunnskap kan ein førebygge uønska graviditet. Det er viktig å undervise og informere om både prevensjon og kjønnssjukdommar, seier Wiik.

– Vi anbefalar i større grad langtidsprevensjon som p-stav eller hormonspiral også til unge jenter. Det er dessutan ein vesentleg faktor at fleire har rekvisisjonsrett, slik at ein enklare kan få tak i prevensjon, meiner Wiik.

Tal frå Reseptregisteret viser ei jamn og gradvis auke i antal kvinner som brukar hormonell prevensjon.

Retten til sjølvbestemt abort

Kvinner kan sjølv bestemme om dei vil avbryte svangerskapet i løpet av dei tolv første vekene. Seinare må ein søke om abort hos ei abortnemnd. Her kan ein i spesielle tilfelle gje løyve til abort fram til 22.svangerskapsveke.

– Retten til sjølvbestemt abort er fantastisk og vi er heldige som bur i Noreg og har denne retten. Den er absolutt ikkje ei sjølvfølge rundt omkring i verda, fastslår Wiik.

Medikamentell abort blei innført i 1998, og sidan 2008 har dette vore den mest brukte metoden. Nesten ni av ti abortar blei gjennomført med medikament i fjor.

Helsestasjon for ungdom

Kva tiltak bør ein iverksette for å redusere aborttala ytterlegare?
– Vi er inne i ein god flyt og har eit godt samarbeid med skulane og tidleg oppfølging av ungdommar, hevdar Bersås.

– Helsestasjon for ungdom er eit godt tilbod som fører til at ungdommane vert meir opplyste, konstaterer Bersås. Ho legg til at meir informasjon i media også er med på
å gjere unge jenter bevisste på å bruke prevensjon.
– I tillegg er det eit langt større fokus på å bli ferdig med utdanninga før ein stiftar familie, avsluttar ho.