Algar som mat for folk og fe

Algar Berekraftig Høgskulen i Volda A2F

Studentar ved Fachhochschule Kiel/Volda lager "Peach-Rhubarb-Algae-Crumble" dessert med lærer Sonia Oliveira. FOTO: Kristian Fuglseth

– Algar er ein del av framtida, seier høgskulelektor Kristian Fuglseth ved Høgskulen i Volda.

– Motivasjonen til å lage eit magasin med mellom annna oppskrifter med algar, er å vise at det å erstatte konvensjonelle ingrediensar ikkje er rart, seier Krsitian Fuglseth.

Algar har næringsstoff som ein ikkje får i seg i eit vanleg kosthald, og er ei stor kjelde til protein. Magasinet «Cooking and Designing», av høgskulelektor Kristian Fuglseth og førsteamanuensis Thomas Lewe ved Høgskulen i Volda, fortel at algar er den nye supermaten. Algar er svæt rike på vitaminar, mineralar og proteinar, og det er ingen anna mat som har høgare B12-vitamin nivå. 

Magasinet "Cooking and Designing" har fokus på matlaging med algar, og inkluderar fleire oppskriftar.
Foto: Flickr

– Kjempegodt!

Fuglseth anbefaler det som vert kalla Ice-Greem, som han seier smaker som ein frisk, søt pistasjis.

– Vanlegvis vert det brukt mykje fløte og egg i iskrem, men på grunn av det store proteinnivået i algepulveret treng ein nesten ikkje noko av dette, fortel han. 

I tillegg til isen, anbefaler han energibarane og pastarettane med algepulveret i.

 Berekraftig dyrefôr

Algar er ikkje berre aktuelt som menneskemat, men også som dyrefôr.

– Produksjonen av algar som dyremat kan gjere Noreg meir berekraftig, seier Fuglseth.

I dag importer Noreg mykje soyapellets frå Brasil,  brukt til næring til fiskeoppdrett og landbruk.

 – Importen er veldig lite berekraftig med tanke på transport, Amazonas-regnskogen i Brasil og utarmingen av matjorda på plasser bønder treng det sjølv. Om mikroalgane kunne bli produsert her, så vil ein kutte ut denne importen, forklarer han.

Ifølgje Fuglseth kan ein ved å bruke algar som dyremat, få eit berekraftig kretsløp. Med CO2 frå atmosfæren og kyr, saman med lys, kan algar bli produsert. Ettersom algar blir laga gjennom fotosyntese, slepper det samtidig også ny oksygen ut igHøgskuleHjen. 

Høgskulelektor Kristian Fuglseth er forfatter av magasinet "Cooking and Designing".
Foto: Daphne Steketee

– Med algeproduksjonen, kan du ete kjøtt med betre samvittigheit, seier Fuglseth. Han meiner landbruk, matproduksjon og fiskeoppdrett er ein del av løysinga på eit meir berekraftig Noreg gjennom bruken av algar. 

Samarbeid med studenter

Kristian Fulgseth er formidlingsansvarleg for Algae for Future (A2F), som er eit forskingsprosjekt som går ut på korleis mikroalgar kan bli brukt til framtidige matutfordringar. Han har engasjert fleire studentar til å bidra i forskningsprosjektet.

«Cooking and Designing» er laga ved hjelp av studentar hos Fachhochschule Kiel, eit partneruniversitet til Høgskulen i Volda.  

– Eg hadde aldri tenkt at å lage iskrem med algar faktisk smakte ganske godt, fortel student Selina Strohm, i magasinet.

Magasinet tar utgangspunkt i eit matlagingsarrangement om algar i Kiel, der fleire mediastudentar skulle fokusere på det visuelle med sjølve arrangementet.  Animasjonsstudentar ved Høgskulen i Volda har også delteke i forskingsprosjektet A2F ved å lage fleire filmar, som for eksempel «The Algatory».

– Det er eit prosjekt for alle, seier Fuglseth.