Åtvarer mot å fjerne Listhaug

åtvarer mot å fjerne Listhaug

ÅTVARER MOT FJERNING AV LISTHAUG: Hareidsdøl og avtroppande stortingsrepresentant for Frp, Oskar Grimstad. Foto: FrPMedia

Venstre vurderer å gå inn i regjeringa. Grunna dette blir det spekulert i om Sylvi Listhaug kan bli fjerna som ein brikke i å få den kabalen til å gå opp. Fleire i Framstegspartiet åtvarer mot dette.

Avtroppande stortingsrepresentant, Oskar Grimstad frå Hareid er ein av dei. 

– Å fjerne henne er berre akseptabelt om ho blir flytta til ein annan tung statsrådspost, seier han til NRK.

Helst ønskjer Grimstad at Listhaug skal fortsette som innvandrings- og integreringsminister slik ho gjer i dag.

FORNØYD: Sylvi Listhaug kan juble over det som ser ut til å bli et veldig godt valg for Frp i Møre og Romsdal. Foto: Even Ørjasæter
FJERNA?: Det spekulerast i at fjerning av Sylvi Listhaug er eit av krava til Venstre for å gå inn i regjering. Foto: Even Ørjasæter

Vil bli opprør i Frp

Fleire representantar frå Frp, inkludert partileiar Siv Jensen, har vore tydelege på at fjerning av Listhaug er eit ikkje-tema. Ein anonym Frp-politikar seier til Aftenposten at det i så fall vil bli opprør i Frp.

– Vi treng ein person i den posten med bein i nasen, som tør å seie ting slik dei er, seier fylkesleiar i Østfold Frp, Leif Eriksen, til avisa.

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.