Kvifor må barnefamiliane bu sånn? 

Barn i kommunale bustader Dei ansvarlege svarar

VOLDA: Kommunen har plassert 19 barn og familiene deira i lag med rus, bråk og vald i dei kommunale bustadene i Røyslidvegen og Smalebakken. FOTO: Aina Ebube Helgheim Ijeabuonwu

– Dette er  ei skam for Volda, seier Odd Arne Folkestad (Frp)

Politiet har hatt over 170 oppdrag i dei kommunale bustadane i Røyslidvegen og Smalebakken sidan 1. januar 2016. 

– Det er ikkje ei ukjend adresse for oss, seier politietterforskar  Erik Lind hos Ørsta og Volda Lensmannskontor.

Oversikta over oppdraga viser at dei har vore på besøk på grunn av mellom anna røykutvikling, slåsskamp og hærverk på gjenstandar. 

I dei same husa bur barnefamiliar.

Les  korleis barna beskriv kvardagen i bustadane her.

Har visst

ROT: Ifylgje familiane ligg det ofte søppel og sleng rundt husa. FOTO: Aina Ebube Helgheim.

For to år sidan behandla Volda kommunestyre flyttinga av fire brakker med belasta rusmiljø. Politikarane vert råda av administrasjonen til å flytte dei opp i Røyslidvegen og Smalebakken.

– Heldigvis fekk vi stoppa det forslaget den gongen. Det bur jo barnefamiliar der oppe. Vi kan ikkje lage ghettoar i Volda, seier Odd Arne Folkestad (Frp)

Kommunen blei klar over problema med rus og bråk i dei kommunale bustadane.

I kommunens handlingsplan for sosiale bustadar står det at barnefamiliar bør ha eit trygt bumiljø. Likevel bur barna framleis i same hus som folk med tunge rusproblem.

– Det har tatt for lang tid sjølvsagt, seier varaordførar i Volda, Sølvi Dimmen (Sp)

 

NYE PROBLEM: Ordførar Jørgen Amdam (Ap) seier kommunen får stadig større utfordringar med å finne bustad til tilflytta rusmisbrukarar og kriminelle. FOTO: Olivia Knudsen.

For dyrt

Ein kommune har plikt til å tilby bustad til dei som treng det. Det kan dei gjere ved å la folk bu i hus som kommunen eiger sjølv, eller i bustadar som kommunen leiger på den private marknaden.

Ordførar Jørgen Amdam (Ap meiner det ville vore for dyrt å la alle familiar bu i utleigde bustadar.

– Det er grenser for kor høge leigekostnadar kommuna kan takle, seier han.

Han forstår likevel at det er vanskelig å bu slik.

– Vi har ikkje fått beskjed om fysiske skader på folk, men psykisk kan det vere belastande. Når vi får ledige bustadar andre plassar, prioriterer vi barnefamiliar, seier ordføraren.

Vil ha løysing

SKAMPLETT: Odd Arne Folkestad (Frp) meiner ein skapar ghettoar når ein plasserar alle trengande på ein plass. FOTO: Aina Ebube Ijebauonwu Helgheim.

Odd Arne Folkestad (Frp) meiner situasjonen ikkje kan fortsette.

– Det er ei skam for Volda at vi lar dei bu slik.

Han peiker på at særleg flyktningar bør sleppe å bu i eit så belasta område.

– Vi plasserer barnefamiliar som er midt i integreringsprosessen der oppe. Barna må sjå blålys i  vindauga når dei leggjer seg om kvelden. Dette må vi gjere noko med, seier Folkestad.

Dan Helge Bjørneset (H) er einig.

– Eg kjenner ikkje til dette området, men viss dette stemmer er det ikkje haldbart i det heile teke, seier han.

 

GAMLE HUS: Elin Høydal Vatne i rustenesta trur ikkje løysinga er å plassere folk med rusproblem saman på ein eigen plass. FOTO: Volda Kommune.

Ikkje bekymra

Elin Høydal Vatne leier rustenesta i kommunen. Ho peiker på at planløysinga i husa gjer at familiar må dele inngong med einslege som kan ha rusproblem.

– Det er heller ikkje sånn at folk som har rusproblem gjer ein plass utrygg, meiner ho.

Vatne seier det er viktigt dei som har sosiale problem bur spredt i kommunen.

– Vi kan ikkje plassere rusbrukarar saman på ein plass og flyktningar ein annan. Det bur folk som rusar seg rundt omkring i heile Volda,  seier ho.

PRØVER: Arild Iversen (KrF) seier at problemet er større enn det ein kan løyse med nye ROP-bustadar, men ein gjer så godt ein kan. FOTO: Ingrid Heltne

Fleire sjuke

 

Tidlegare ordførar Arild Iversen (KrF) har sympati med barnefamiliane, men meiner det er vanskeleg å løyse problemet.

– For dei som har barn, er det problematisk å bu så tett på folk med tunge rusproblem, men dei siste åra har vi fått eit større ansvar for denne gruppa. Vi er nøydde til å busette fleire med rus- og psykiatriutfordringar enn før. Det legg press på bustadkapasiteten, forklarar Iversen.

Rådmann Rune Sjurgård er einig. Han meiner nokre av problema kan løysast med dei nye Rus- og psykiatribustadane på Øvre Rotset. Her skal dei som har størst problem bu.

– Dette tiltaket vil hjelpe litt, men vi bør vel sette i gong også andre tiltak framover, seier han.

OPPPUSSING: Etter renoveringa av dei kommunale bustadane, håper Sølvi Dimmen (Sp) at det blir betre for barnefamiliane. FOTO: Elin Korsnes

Alle bør integrerast

Varaordføraren ynskjer ikkje å stue vekk folk som har sosiale utfordringar.

– Folk i kommuale bustadar må integrerast i samfunnet. No er det to år sidan vi stod der oppe og lova  at vi skulle forbetre situasjonen. Vi skal renovere området, og målet er at familiane skal få det betre, seier Sølvi Dimmen (Sp)

Les her kva Barneombudet meiner kommunen bør gjere.

Barnevernspedagog: – dette er ikkje greitt.

Siste: Volda SV vil hjelpe barnefamiliane.