Barneombudet seier kommunen bør snakke med barna

Barneombudet: – Spør barna korleis dei vil ha det

LEIK: Fleire av barna i dei kommunale bustadene i Røyslidvegen og Smalebakken i Volda kommune skulle ønske barnefamiliar kunne bu i lag utan rus. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim

VOLDA: Barna i dei kommunale bustadene i Røyslidvegen og Smalebakken fortel om bråk og rus utanfor huset. Barneombudet meiner kommunen bør finne ei løysing saman med barna.

Nærnett publiserte fredag saka om barna som bur tett i tett med rus og vold i kommunale bustadar i Volda.

Les meir: ein av dei einslege bebuarane beskriv rusmiljøet i området.

Skjer andre plassar

Kommunikasjonsrådgjevar Jonas Bjørkli hos Barneombudet veit ikkje kor vanleg det er at barn bur i miljø som det i Røyslidvegen og Smalebakken.

– Vi veit at det skjer. I 2010 møtte vi nokre barn som bur i kommunale bustadar, fortel Bjørkli.

SPØR: Jonas Bjørkli hos Barneombudet meiner det er viktig at barna blir høyrt i saker som handlar om dei. FOTO: Barneombudet.

Dei beskreiv fleire av dei same tinga som barna i Røyslidvegen og Smalebakken.

– Vi spurte dei korleis dei hadde det. Dei beskreiv utryggheit og bråk, seier han.

Barnfamiliar saman

Barneombudet ba barna om råd for kva kommunen kunne gjere annleis.

– Då svarte dei at dei ville barnefamiliar skulle bu i lag med andre barnefamiliar. Rusmisbrukarar burde ikkje bu i lag med barn, sa dei.

Svara til Volda-politikarane var delte då Nærnett spurte kvifor barna må bu slik. Nokre sa at kommunen har for få bustadar. Bjørkli meiner eit godt råd til Volda, er å snakke med barna.

– Kommunen kan spørje kva som er viktig for dei, kva som skal til for at dei kan få det betre.  Det er viktig å ta barna si stemme på alvor. Alle barn har rett på ei trygg og god oppvekst, avsluttar han.

Her kan du lese Barneombudet sin rapport med svara til barna i undersøkinga.