– Utrygge omgjevnader skaper utrygge barn

Barnevernspedagog om forholda i Røyslidvegen: – Det er ikkje greitt at barn bur sånn.

RØYSLIDVEGEN: 19 barn bur tett i tett med bråk, narkotika og slåssing. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim

Barnevernspedagog Ellen Aarseth (52) ved Høgskulen i Volda meiner barn bør sleppe å vere redde i sin eigen heim.

Nærnett fortalde fredag 5. oktober om barn i kommunale bustadar i Volda som deler inngang med rus og vald.

– Når barn bur med potensielle farar i nærmiljøet, kan det få konsekvensar for den psykiske og fysiske helsa deira, seier Ellen Aarseth.

Ho har lang erfaring frå kommunalt barnevern og arbeid med ungdom på barnevernsinstitusjon. Dei siste to åra har ho jobba som undervisar ved Høgskulen i Volda.

Framtida

BEKYMRA: Barnevernspedagog Ellen Aarseth meiner barn treng trygge omgjevnader for å utfalde seg slik barn skal. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim.

Då ho las om barna i Røyslidvegen og Smalebakken, tenkte ho at det er grunn til å vere bekymra.

– Barn skal få sleppe å sjå og oppleve sånne ting daglig, ha det sånn rundt seg. Dette er ikkje gode oppvekstvilkår for barn, meiner ho.

Det er vanskeleg å seie noko konkret om kva følgjer det kan få for desse barna, men Aarseth meiner at dei kan verte påverka negativt.

– Ungar har ulik bagasje og dei tåler forskjellege ting, men vi veit at generelt skaper utrygge omgjevnader utrygge barn.

Særleg sårbare

Fleire av barna i Røyslidvegen og Smalebakken har opplevd krig. Barnevernspedagogen seier at flyktningbarn er ekstra utsett.

– Når ein har traumer med seg, vert ein meir sårbar for nye, vonde opplevingar, forklarar ho.

Ein rapport frå Fafo viser at kvar flyktningfamiliar bur, påverkar kor integrerte dei blir. Bur ein i eit nabolag med norskfødde familiar, pratar ein meir norsk.

Barna i Røyslidvegen og Smalebakken fortel at dei ikkje får med vener heim frå skulen. Ellen Aarseth trur det kan få sosiale konsekvensar for barna å bu på den måten kommunen har bestemt.

– Det å vere isolert og ikkje få vener på besøk, kan skape einsamheit og utanforskap. Barn med norske foreldre har ofte større nettverk. Barna i denne saka kan ikkje berre springe til bestemor og bestefar viss det er skummelt i nabolaget, seier ho.

Vil det beste

PAPPA: Moniem Suleiman (39) vil at ungane skal ha moglegheit til å bli trygge, gode vaksne. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim.

Moniem Suleiman og kona Maryam har budd med to små gutar i Smalebakken i tre år, men klarte nettopp å finne ein ny plass å bu. Han ynskjer at familien skal verte ein del av samfunnet.

– Når flyktningfamiliar må bu i eit sånt nabolag, skapar ein eit skilje mellom oss og andre nordmenn. Det er ikkje bra for integreringa, seier Suleiman.

Ellen Aarseth har inntrykk av at barna som har fortelt om liva sine, har gode omsorgspersonar.

– Det er bra for ungane at dei har nokon som passar på og beskyttar dei. Foreldra ser ut til å vere veldig tilstade, sånn at ungane har nokon å prate med. Det er viktig, meiner ho.

Les meir: dei ansvarlige forklarar kvifor barna bur sånn.

Les meir: barneombudet gjer kommunen eit råd.