Brannøvelse på eigen brannbil

Tysdag ettermiddag hadde Volda brannvesen ei øvelse utanfor det normale, i sterk vind fekk brannmennene prøve seg på sløkking av ein bil-brann.

Brannmeister og leiar ved Volda brannstasjon, Kristian Driveklepp, hadde ansvaret for øvinga. Han påpeikar at det er sjeldan dei har slike øvingar som i dag. Ekstra spesielt var det, at bilen som vart brukt er ein gammal brannbil som skulle vrakast.

– Omlag kvart femte år har vi øvelse på bilbrann, det er ikkje ofte vi har moglegheiter for å tenne på bilar. Sidan mange av dei ansette ikkje har våre borti brann i bil, verken på øving eller i verkelegheita, var det aktuelt med ein slik øvelse i dag, forteller Driveklepp.

Ulike sløkkemiddel
På tirsdagens øving skulle alarmen gå rundt kl 18.00. Dei ansatte fekk ingen informasjon om kva som venta dei. Driveklepp fortel at det viktigaste ved ein slik øvelse, er at dei ansatte får teste ut dei ulike sløkkemidla i ein reel situasjon.

– Den viktigaste grunnen til at vi kjører slike øvelsar er for å teste ulike sløkkemiddel, fortel Driveklepp.

I denne øvinga fekk brannmennene ein gjennomgang av det meste, med bruk av vatn, kombinasjon av vatn og skum, skumapparat, og skum frå eit høgtrykksystem.

– Vi skaper erfaring og lærer for kvar gong. Vi har ein bil som har høgtrykks-sløkkesystem med skum som vi kan bli flinkare til å bruke, det trur eg alle fekk ei oppfatning av i dag, og at det gjeld både ved bilbrann, og brann i bolig, fortel Driveklepp.

Sterk vind

LEIAR: Kristian Driveklepp var ansvarleg for øvelsen. FOTO: Ingrid Telset Heltne.


Det går ikkje alltid som planlagt. Volda brannstasjon fekk utfordringar med været denne øvinga, med voldsom sterk vind. I tillegg gjekk det litt for lang tid frå påtenning av bilen, til utalarmeringa gjekk.

– Det er ikkje så lett å få det til å klaffe til ei kvar tid, bilen var jo godt oppbrent. Men i ein reell setting hadde det kanskje gått enda lenger tid, det var ikkje mykje igjen av bilen til sjuande og sist, seier Driveklepp.

Han presiserar at han følte øvinga gjekk svært bra, tross at været ikkje var heilt på lag, og påpeikar at været vart ei stor utfordring for dei som deltok på øvelsen.

– Dei takla det veldig bra og gjorde ein god jobb, men i dag lærte vi at høgtrykk-slokkesystemet som vart brukt til slutt, burde vi kanskje brukt i starten, det kjem vi til å ta med oss vidare. Det sløkker mykje bedre, men grunna røyken i starten var det vanskelig å komme til, derfor starta dei litt på avstand, seier Driveklepp.
 

Her kan du høyre Radio Volda si radiofortelling frå brannøvinga, laga av Daniela Elvebakk Mala:

Tidspress
Volda brann og redning har 28 timar med brannøving i året, der kvar øving varer i omlag 2 timar. Hausten 2016 vart brannvesenet i Volda bevilga 12 timar ekstra øvingstid i året av Volda kommune.

– Det er røykdykkerøvingar det går mest i. Deretter kjem redning og trafikkulykker, utenom det øver vi blant anna på overflateredning, førstehjelp og akutt forureining, fortel Driveklepp.

Driveklepp presiserar at dei øvingane som er viktigast er der ein har moglegheit for å tjene tid, og dermed redde liv. Det å hente ut personar av bygningar på kort tid, og frigjere personar frå bilar i trafikkulykker er svært viktig, men hastigheita på bekledning er også viktig for å få ned sekunda på uttrykninga.

– Mykje av øvingstida går i internkontroll, det å få kjennskap til utstyret, det å kunne bruke det, og sjekke at det er i orden og fungerar til ei kvar tid, forteller Driveklepp.

Han legg til at på Volda brannstasjon er påkledningstida nede i 1.30 min, men påpeikar at det er viktigast at påkledninga blir gjort rett, at tida ikkje skal gå utover kvaliteten.