VØR vil bygge biogassanlegg på Melsgjerdet

biogassanlegg

BIOGASSANLEGG: Her på Melsgjerdet i Ørsta vil det nye biogassanlegget ligge. 

Volda og Ørsta Reinhaldsverk planlegg å bygge eit biogassanlegg på Melsgjerdet i Ørsta, men vil ha bøndene med på laget for å realisere prosjektet. 

Biogassanlegget på Melsgjerdet i Ørsta er planlagt i samband med at VØR startar innsamling av matavfall mellom 2018 og 2020. I biogassanlegget vil matavfall, husdyrgjødsel og anna organisk materiale produsere biogass som kan nyttast som energigass og blant anna kan bli til drivstoff. 

Frå matavfall til energi

I dag sorterar ca. 70% av alle innbyggjarane i Noreg matavfall i eigne posar og dunkar. I Volda og Ørsta vil matavfallsorteringa kome ein gong mellom 2018 og 2020. Då vil reinhaldsverket få avfall som er reint organisk nedbrytbart. Dersom denne nedbrytinga skjer gjennom kontrollerte omgivnader, som i eit biogassanlegg, kan energien gjenvinnast og nyttast.

Vil ha bøndene med på laget 

Petter Bjørdal, dagleg leiar i VØR. Foto: VØR

Onsdag 29. mars var det informasjonsmøte på Ørsta rådhus om det moglege biogassanlegget på Melsgjerdet. Her presenterte leiar i VØR, Petter Bjørdal, planane for biogassanlegget for bøndene i nærområdet. Bjørdal forklarte at ein biogassprosuksjon som baserar seg hovudsakleg på matavfall vil vere ustabil, og det vil ikkje vere berekraftig å bygge eit biogassanlegg dersom matavfall er einaste faste avfallsinntekt. 

– Vi har betre tru på eit samarbeid med bøndene utifrå eit bærekraftperspektiv og fordi det gir ein jamnare og meir stabil produksjon av gass.

Med bøndene med på laget vil biogassanlegget få ein jamn straum med husdyrgjødsel i tillegg til matavfall, noko som stabiliserar gassproduksjonen. Planen er at bøndene skal levere husdyrgjødsel inn til biogassanlegget, og motta biorestar i retur. Dette er ein behandla luktfri gjødsel, som drep ugrasfrø og gjer næringa lettare opptakbar for plantene. 

Eit av måla med informasjonsmøtet var å setje saman eit utval av bønder som skal tale bøndene si sak i planarbeidet. Bjørdal og VØR håpar på eit samarbeid, men åpnar for at biogassanlegget kan realiserast også utan husdyrgjødselen.