Bom fast før kommunestyremøte

BOM FAST: På kommunestyremøtet torsdag skal politikarane bestemme seg for kvar dei vil plassere bommane. FOTO: Frida Ravna Rømo

BOM FAST: På kommunestyremøtet torsdag skal politikarane bestemme seg for kvar dei vil plassere bommane. FOTO: Frida Ravna Rømo

På torsdag skal Volda-politikerne bestemme seg for kvar bommane skal stå, men dei ser ikkje ut til å bli einige.

Siste: På kommunestyremøtet torsdag vart det røysta over om Odd A. Folkestad (Frp), Arild Iversen (KrF), Margrethe Trovåg (Ap) og Edvin Dale (Frp) er ugild i behandlinga av saka. Åtte røysta mot at dei er ugild, medan resten røysta for. Dei får ikkje delta i behandlinga av bomsaka. 

Før søknaden om pengar til bygging av Voldatunnellen kan sendast til regjeringa, er det fleire spørsmål ein må ha svar på:

Kvar skal bomstasjonane stå?

Når skal bomstasjonane opp?

Kven skal betale?

Skal tunnellen vere eit enkeltprosjekt eller del av ei større samferdselspakke?

Vil Ørsta vere med?

På kommunestyremøtet torsdag skal politikarane svare på når og kvar dei vil plassere bomstasjonane. Kvar bommane skal stå og når dei kjem opp, avheng av kor mykje pengar ein treng. Kor mykje pengar ein treng blir bestemt av kva for prosjekt ein vil finansiere. Kor mange prosjekt ein vil finansiere, er vanskeleg å seie før ein veit om Ørsta blir med.

Ørsta skal ikkje behandle saka før 1. oktober.

Tunnellpasning på Folkestad

Det vi veit, er at dei framleis ikkje er einige, kanskje ikkje ein gong med seg sjølve.

BOMSKEPSIS: Odd Arne Folkestad (Frp) trur folk i Volda er einig med han og partiet. FOTO: Aina Ebube Helgheim

I førre formannskapsmøte foreslo Odd Arne Folkestad (Frp) at bommane skulle plasserast slik at berre dei som kjører gjennom tunnellen, må betale. I ei prøveavstemming over forslaget, fekk han seks av ni stemmer, og ville hatt eit fleirtal. I siste og avgjerande avstemming, hadde han plutseleg berre to stemmer. Ordførar Amdam sitt motforslag blei vedteke. 

– Behandlinga av den saka er det man kallar rot, meiner Folkestad.

I tillegg til punktet om tunnellen som eige prosjekt, var det fire andre punkt i forslaget til Folkestad. Istadenfor å stemme over eitt og eitt, måtte representantane i siste avstemming velge å gå for enten alle punkta til Folkestad, eller ingen av dei.

FLEIRTAL: Ordførar Jørgen Amdam fekk Formannskapet med på å sjå Voldatunnellen som del av ein pakke. FOTO: Olivia Knudsen

Heile forslaget blei satt opp mot Amdam sitt. For ordføraren handla det ikkje om taktikkeri.

– Viss vi skulle stemt over alle punkta i Folkestad sitt forslag, måtte vi gjort det samme med mitt, og det gjekk ikkje, meiner han. 

Sjølv om fleirtalet fyrst uttrykka at dei kun vil at dei som brukar tunnellen skal betale, ser det i innstillinga frå Formannskapet no ut som dei ynskjer å kreve inn pengar til fleire prosjekt.

Mange vegar til målet

Ein av dei som ombestemte seg, var Odd Harald Sundal (SP). Etter prøveavstemminga vart han usikker på kva han stemte for. 

– Eg kjente at eg ikkje kunne stå inne for Folkestad sitt forslag, blant anna på grunn av forholdet til Ørsta, forklarar han. 

Dersom ein krev inn bompengar kun for å finansiere tunnellen, blir det nemleg ikkje nok til andre prosjekt, for eksempel i Ørsta. 

Senterpartiet ynskjer bom i nærheita av rundkjøringa slik at alle som passerer mellom Volda og Ørsta betalar, sjølv om dei ikkje brukar tunnellen.

– Det blir også nødvendig å sette opp bommane før tunnellen er ferdig bygd. Då får vi råd til prosjekt som for eksempel gangveg mellom flyplassen og Åsentunet. Dette er ikkje noko vi har funne på, men retningslinjer frå regjeringa, meiner han.

ALTERNATIV: Politikarane kan velje mellom ulike plassar å sette bommane. Alternativa påverkar ulike innbyggjarar. ILLUSTRASJON: Volda Kommune.

Prøver igjen

Tross nederlaget i Formannskapet, gjer ikkje Folkestad opp. Han tenker å legge fram forslaget på nytt i kommunestyremøtet, men med nokre endringar.

– Kanskje eg tek ut punktet om bru over Øyraelva, og gjer det om til eit eige forslag, seier han. 

Viss han endar opp med å forandre slik, vil forslaget hans verte meir spissa inn mot Volda-tunnellen.

– Andre representantar er velkomne til å stille seg bak vårt forslag, men Frp står uansett på sitt: berre dei som brukar tunnellen, skal betale, avsluttar Folkestad. 

Det står enno att å sjå om politikarane kjem seg ut av rundkjøringa og vedtar ei endeleg løysing.