Lokale uttalar seg i den fastlåste bompengedebatten

Bompenger Furane

Rolf Liaskar har klare meiningar om bompengesaka Foto: Jesper Nondal

På Furene er voldingar og ørstingar einige med sine respektive politikarar i bompengesaka, men ikkje med kvarandre. 

Bompengesaka er blitt heftig diskutert dei siste vekene. Situasjonen i det politiske miljøet i Volda og Ørsta er fastlåst, ettersom ingen av partane vil fire på krava sine. 

Nærnett reiste difor til Furene for å møte dei to stridande bygdene på midten, bokstaveleg tala. Det viste seg at det ikkje berre er politikarane som er rykane ueinige, óg besøkande på Extra kafé har motstridane meiningar. 

- Ørstingane må vere med på spleiselaget  dersom dei óg ynskjer betre vegar, seier voldingen Rolf Liaskar, som sjølv vaks opp på Furene. Han trekkjer fram at noko av bompengane skal gå til planleggingsmidlar for Ørstafjordkryssinga. 

- Dersom dei ynskjer denne utbygginga må dei belage seg på å betale for den. Skal vi byggje vegar i Noreg må vi rekne med å betale bompengar.

På bordet like ved sit ørstingen Per Myklebust. Han meiner Ørsta ikkje får nok ut av samferdslepakka til å ha bomstasjon innanfor kommunegrensene.

- Det er urettvist at vi må betale for Voldatunnelen viss vi berre skal kome oss til Furene, seier Myklebust

Sissel Myklebust
Foto: Jesper Nondal

Extra fryktar ikkje tap

Sissel Myklebust, butikksjef på Coop Extra Furene trur ikkje at eventuelle bomstasjonar vil påverke handelen på Furene. 

- Erfaring frå andre butikkar som har fått bompengar i nærleiken viser at dette merkast berre i eit par veker før folk blir vane med det og handelen blir normal att, seier Myklebust, som understrekar at kundane allereie må ut med drivstoffkostander for å kome seg til Furene. 

 

Forslaga til bompengeplassering

  • Inne i Voldatunnelen og på Klippa.
  • Ved Hovdebakken, i Voldatunnelen og på Klippa.
  • Ved Osebrua, på Klippa, i Voldatunnelen og ved Rotsethorntunnelen.
  • Rundkøyringa på Furene, i alle armane.