Dette er bompengestriden

furene rundkøyring

Bomsnitt i rundkøyringa på Furene er no ei heit politisk potet. Foto: Jesper Nondal

Fellesmøtet mellom formannskapa i Ørsta og Volda er førebels siste ord  i bompengesaka. Nærnett gir deg her eit samandrag av saka som splittar dei to kommunane.

Bompengestriden har kome som følgje av den vedtekne utbygginga av Voldatunnelen mellom Volda og Furene. Anleggsstart for tunnelen er sett til  perioden 2024-2029.  

Samferdslepakka endte i strid

Samferdslepakka har vore eit diskusjonstema i lang tid. Partane er blitt samde om innhaldet i pakka, men ikkje om bompengeplasseringane. Pakka består, i tillegg til Voldatunellen, av: rundkøyring i flyplasskrysset, gang- og sykkelveg frå Volda til Ørsta, nye bruer over Øyraelva i Volda og Oseelva i Ørsta, kollektivtiltak og planleggingsmidlar til kryssing av Ørstafjorden.

Det har óg vore diskusjon rundt utbygging av Torvmyrvegen, men dette er per i dag ikkje del av samarbeidet. 

Bompengesatsane er tenkt å vere 20-25 kr for kvar passering, med ein mogleg makssum kvar månad for hyppige brukarar. Ordførar i Volda, Jørgen Amdam trekkjer fram Førde som eit eksempel, der ein berre betalar for dei første 30 passeringane kvar månad.

Ulike meiningar om plassering

Sjølv om partane ikkje har kome til einigheit om plassering av bomsnitta, har det ikkje vore mangel på forslag.

Statens vegvesen har foreslege fire bomsnitt for å ha eit stort trafikkgrunnlag og minske kostnadane for kvar passering. Dei ynskjer å plassere dei ved Rotsethorntunnelen, inne i Voldatunnelen, på Klippa ved Volda pleieheim og ved Osebrua i Ørsta. Det er desse snitta som har skapt uenigheit.  

- For oss er det uaktuelt med eit bomsnitt ved Rotsethorntunnelen, seier Voldaordførar Jørgen Amdam til Nærnett. 

På Ørstasida står dei på krava om de ikkje skal opprettast bomsnitt innanfor deira kommunegrenser. Ordførar i Ørsta, Stein Aam føler dei vil bli innesperra.

-  Vi ynskjer å vere eit handelssenter for kommunane rundt oss. Eit bomsnitt sørover i tillegg til ferjesamband nordover vil difor vere uheldig. 

Jørgen Amdam seier at bomsnitt i Hovdebakken er naudsynt for å halde fram med samferdslesamarbeidet. Bomsnitt berre på Klippa og i Voldatunnelen er berre aktuelt dersom Volda går vidare åleine. 

- Vi kan ikkje gjere tiltak for Ørsta dersom dei ikkje er med på betalinga.

Odd Folkestad i Volda Frp har fremma forslag om bomsnitt i rundkøyringa på Furene. Då med betaling ut fra kvar arm i rundkøyringa. Voldaordføraren seier at dette kan vere aktuelt, men får ikkje støtte frå sin kollega i Ørsta. 

- Dette vil framleis vere eit problem for dei som kjem frå øyane til Ørsta, seier Aam.

Fleire i Ørsta pendlar

Ørstingane argumenterar mot bomsnitt i Ørsta med at dei uansett totalt vil betale meir sida det er fleire fra Ørsta som pendlar til Volda, enn det er Voldinger som pendlar til Ørsta. Omtrent 1000 Ørstinger pendlar til Volda dagleg, mot 750 frå Volda til Ørsta. Amdam er ikkje einig i denne ressonementet.

- Ørstingane med inntekt frå Volda betalar framleis skatt i Ørsta, påpeiker Amdam. 

Stein Aam vedgår at Amdam har delvis rett i dette.  

Vegen vidare

Stein Aam seier at Ørstatiltaka, med flyplassrundkøyring og ny Osebru vil kunne gjennomførast også utanfor samferdslesamarbeidet, men at det kan ta lengre tid. Han påpeiker at det er eit vanskeleg politisk miljø å diskutere i. 

- Vi har ikkje gitt opp. Både Volda og Ørsta treng tid til å tenkje seg om, avsluttar han.