Vil ha opp tre bomstasjonar før tunnellen er ferdig

Bomstasjonar skal betale for samferdslepakke

PAKKELØYSING: Alle partia utanom to, var einige om at bompengar er eit naudsynt onde for å sette i gong fleire prosjekt i Volda og Ørsta. FOTO: Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim

Fleirtalet av Volda-politikarane ville ha ei samferdslepakke med fleire tiltak enn berre tunnell. Det vil dei betale for med bompengar.

FEIRING: Då handsaminga av den kompliserte saka var over, var det kringle og kaffi til alle. FOTO: Aina Ebube Helgheim Ijeabuonwu

Volda Kommunestyre vedtok i dag at Voldatunnellen skal vere del av ei pakke med fleire prosjekt. Tre bomstasjonar skal finansiere det heile. Politikarane vil ha ein bomstasjon inn mot Volda, ein mot Ørsta og ein ved rundkjøringa på Furene. Stasjonane vil dei ha opp før tunnellen er ferdig.

To representantar frå Høgre og fire frå Framstegspartiet røysta mot fleirtalsforslaget til Arbeiderpartiet, Venstre, Miljøpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. 

Ugilde

STEMNING: Sjølv om rådmann Rune Sjurgård (t.h) meinte Odd Arne Folkestad (Frp) var ugild, satt latteren laust. FOTO:Aina Ebube Ijeabuonwu Helgheim

Etter ein debatt om ugildskap, vert  det vedteke at Odd Arne Folkestad (Frp), Arild Iversen (Krf) og Margrethe Trovåg (Ap) ikkje fekk delta i handsaminga av saka. Folkestad satt bak og skulle gjerne delteke.

– Fleire av dei som pratar no veit ikkje kva dei snakkar om, sa han.

Sjølv utan Odd Arne Folkestad, gjekk handsaminga sin gong.

Spent stemning

Dan Helge Bjørneset (H) blei provosert av at fleirtalet ville ha bomstasjon på vegen til Volda. 

– Eg er rett og slett sjokkert over at de drit i Volda sentrum. No må vi høyre på kva næringslivet vil, sa han engasjert. 

Han meinte at pengane folk legg igjen i bomstasjonane, er pengar som kunne ha kome næringslivet til gode. Saman med Framstegspartiet, la han og Høgre fram eit forslag om at bompengar berre skal krevjast inn av dei som brukar tunnellen, og berre etter at han er ferdig. 

– Vi vil ofte arbeide for regionale interesser, men ikkje når det kostar så dyrt, sa Roald Espset (Frp) frå talarstolen.

Høgre og Frp meinte at sjølv om ein putter bomstasjon berre i tunnellen, vil ein samle inn nok pengar til å betale for han. Det argumentet kjøpte ikkje dei andre partia.

– Vatnet renn den enklaste vegen, sa Erlend Koppen frå KrF. 

Han og fleirtalet meinte at viss det vert bomstasjon berre i tunnellen, vil så mange køyre den gamle vegen, at ein ikkje tener nok til å betale for tunnellen ein gong.

Viss ingen kan sleppe unna bomstasjonane, vil det sikre pengar til blant anna ny rundkjøring på Furene og andre tiltak som ikkje endå er bestemt.

Klimafokus

DYRT: Ikkje alle har råd til å betale bompengar, meinte Åshild Vik (SV). FOTO: Privat

Åshild Vik (SV) bur på andre sida av fjorden, på Lauvstad. Ho vil at folk skal kunne kome seg rundt i bygda utan å bruke bil.

– For mange blir det for dyrt å køyre gjennom bommen kvar dag. Dei treng at vi skapar flyt i kollektivtrafikken, sa ho til salen.

Venstre minna Kommunestyret om eit gammalt vedtak.

– For to år sidan sa vi at vi skulle ha fokus på klimaplanen i arbeidet med samferdslepakka. No er det viktig at vi legg inn i pakka kollektivtiltak og gang- og sykkelveg i Ørsta og Volda, sa Idar Flo (V).

NESTEN FORNØGD: Øyvind Festø (MDG) ville gjerne hatt ei endå meir klimaretta samferdslepakke. FOTO: Aina Ebube Helgheim

Midt i handsaminga gjekk partia på bakrommet for å ha gruppemøte. Tilbake i møtet, presenterte alle partia utanom Framstegspartiet og Høgre, forslaget som til slutt blei vedteke. Her var klimaforslaga kome inn. Miljøpartiet støtta dei nye tiltaka.

– Sjølv om vi helst skulle hatt ein bomstasjon på Klippa for å få folk til å køyre mindre bil, er vi fornøgde med å ha fått inn miljøtiltak i vedtaket, sa Øyvind Festø (MDG) til Nærnett.

For å få til ei samferdslepakke, er det viktig å ha nabokommunen med på laget. No står det att å sjå kva Ørsta-politikarane bestemmer seg for på måndag.

Les også:

Kommunestyret har talt: Folkestad er ugild.

Fleire vert kjende ugilde i bomsaka.

Bom fast før kommunestyremøte.