Brenn for jobben

Brenn for jobben

FÆRRE I BEREDSKAP: Dei fleste kvinnene arbeider på ledernivå, men langt færre arbeidar med innsats og beredskap. Foto: Ingrid Telset Heltne

I 2014 var det 3 549 brannkonstablar i Norge, berre 215 av dei var kvinner. Brannkonstabel og røykdykkar Siw Lien frå Hareid oppfordrar kvinner til å søke innanfor brannyrket.

Siw Lien starta i jobben som brannkonstabel for 2 år sidan. I Hareid er det berre to av 20 brannkonstablar kvinner. Lien forteller at ho føler seg relativt fersk i yrket, men trivst sidan ho har blitt så godt mottatt av dei andre kollegane.

– Frå fyrste dag har eg blitt tatt imot med opne armar, dei er mottakelige når eg kjem med spørsmål, sjølv dårlege spørsmål. Eg tør å spørre fordi eg blir høyrt på, kollegane mine har alltid svart meg klart og tydelig, fortel Lien.

FACEBOOK: Lien er medlem av ei gruppe på Facebook med andre kvinner som arbeidar i brannvesenet. Foto: Privat.

Viljestyrke
Det kan være utfordrande å arbeide som brannkonstabel andre stadar i landet, på grunn av at utrykningane er fleire og tettare i større kommuner. I Hareid er det færre brannar og ulykker sidan det er ein liten stad, men jobben er den same, forteller Lien. Som brannkonstabel er det mykje fysisk tungt arbeid som skal utførast.

– Uansett kor mykje eg trenar er menn sterkare enn meg, utfordringa er derfor den fysiske styrken, men viljen min er den same som hos menn, presiserar Lien.

Neil Whittaker, rådgiver i undervisnings-avdelinga på Norges brannskole fortell at både kvinner og menn som ønsker å jobbe i brannvesenet må fylle samme krav. Det gjeld både opptak, fysisk test, psykisk og praktisk vurdering.

– Eg har snakka med fleire kvinner som har gitt uttrykk for at dei ikkje ønsker kvotering, eller lågare krav. Når man har same krav, kan gjensidig respekt byggast, seier Whittaker.

Som brannkonstabel må ein tåle både press, stress og halde hovudet kaldt i hektiske situasjonar. I kritiske situasjonar er det berre sekund som tell. Lien presiserar at det blir stilt like krav til begge kjønn, både på papiret og i praksis.

– For min del er det ingen forskjellsbehandling, det synest eg heller ikkje at det skal vere. Om det er meg eller en kollega har vi uansett same jobben å utføre. Når mannen klare det, klarer damene det også, forteller ho.

SAMHOLD: Lien synest det er eit fantastisk samhold blant kollegane i brannvesenet på Hareid. Foto: Privat.

Einsidig utan kvinner
Whittaker påpeikar at brannvesenet skal gjenspeile dagens samfunn, og at det nettopp derfor er viktig at jenter er godt representert. På Norges brannskole gjennomfører dei tre brannkonstabel grunnkurs per år. I ei kursgruppe på 20 elevar er vanligvis berre 1-2 av elevane kvinner.

– Vi håper at jenter trår til og søker seg inn til brannutdanningen, ikkje berre når det gjeld  likestilling, men ein brannstasjon med berre mannfolk kan vere litt «einsidig», det har eg sjølv erfart, fortel han.

Lien meiner det beste med brannyrket er at ein ikkje veit kva dagane vil bringe, om det blir ein husbrann, ulykke eller berre falsk alarm.

– Spenninga i det å ikkje vite kva som skal skje, men også det å vite at eg kan sikre liv, og at arbeidet mitt kan gjere ein stor forskjell.

– Eg oppfordrar damer til å søke, det er ingenting som tilseier at damene ikkje skal klare det, legg ho til.