Feil målform på vegskilt

Brot på mållova

Eit vegskilt i Skjervavegen i nynorskkommuna Volda står skrive på bokmål. 

Volda kommune er ein nynorskkommune, noko som betyr at all statleg informasjon skal vere på nynorsk ifølge mållova. Dette gjeld også skilt. I nærleiken av Porse Studentheimar står likevel eit forbodskilt skrive på bokmål. 

Kvardagsspråk

I eit område med nynorskbrukarar er det viktig at nynorsk er ein del av det kvardagslege språket, meiner ein som har klaga på skiltet til Volda kommune. Klagaren skriv at det er viktig at nynorsk er synleg i nærmiljøet der nynorsk nyttast som hovudmål.

Stadig færre skriv nynorsk

Nynorsk har stadig færre brukarar blant grunnskoleelevar i heile landet. I 2019 var det 11,8 prosent av grunnskoleelevar som hadde nynorsk som hovudmål. Skiltet i Skjervavegen er eit brot på mållova.