Synnes (H): – Viktig at Venstre og KrF kjem over sperregrensa

(bruk dette på front) – Må ha sentrum over sperregrensa

FORNØGD SÅ LANGT: Marianne Synnes frå Høgre er mest sannsynleg inne på tinget frå Høgre i Møre og Romsdal Foto: Even Ørjasæter

Frp ligg an til å gjere det sensasjonelt bra, for å bruke Jon Georg Dale sin ord. Men dei blåblå trenger støttepartiene sine. 

– Vi blir sjølvsagt glade for borgarleg fleirtal, seier Marianne Synnes, andrekandidat for Høgre i Møre og Romsdal.  

Ifølge NRKs valgdagsprognose, er ho den andre som er inne på Stortinget for Høgre. 

– Om vi får 25 prosent er det sensasjonelt, seier Jon Georg Dale.  

Han trekk frem at Høgre og Frp dermed kan dominere heile Mørebenken. 

Frp kan få tre 

Frp ligg no an til å få heile tre representantar inn på Stortinget. Det tydar at både han, Sylvi Listhaug og Jan Steinar Engli Johansen er inne. 

Men Marianne Synnes peiker på at Høgre og Frp er avhengige av KrF og Venstre for å danne borgarleg fleirtal.  

– Det er viktig at dei kjem over sperregrensa, seier ho. 

Venstre ligg og vakar rett rundt fire prosent i Møre og Romsdal. 

Utjamningsmandat er Farstad sitt siste håp

Pål Farstad er ikkje i festhumør i det Nærnett møter han. Den erfarne politikeren ligg ikkje an til å klare direkte mandat. 

– Men du kan jo framleis kome inn på utjamningsmandat?

SMÅBEKYMRA: Pål Farstad frå Venstre er avhengig av utjamningsmandat for å behalde plassen på Stortinget.
Foto: Even Ørjasæter

 

– Jaudå, seier han,

– Ingenting er avgjort enda.  

Han påpeikar at eit nokolunde greitt resultat for Venstre og KrF, er naudsynt for å halde regjeringa i øyrene. 

– Eg har nytta valkampen til å snakke om kor viktig det er med eit reint hav, og vern av Møreblokkene. 

 

Even Ørjasæter

Les flere artikler fra Even Ørjasæter.

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.