Historielause Planar

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Garveriet kan bli næraste nabo til Volda sitt høgaste hus. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Eit seks etasjar høgt leilighetskompleks skal kanskje byggjast i Volda. Kva omsyn tek kommunen til tradisjonell byggeskikk?

Volda har i hundrevis av år hatt ein karakteristisk byggestil, og arkitektoniske særskilnader ved mange av dei gamle trehusa. I dagens bygdebilde ser ein ei utvikling frå dei tradisjonelle trehusa, til ein meir anonym stil, meiner lektor Kari Hasle, ved Høgskulen i Volda.

–  Volda er kjend for sine mange trehus, særleg dei mange uthusa kor det tidlegare vart oppbevart husdyr.

Tidlegare rektor Olav Riste gjekk så langt med å beskrive viktigheita av uthusa, at han samanlikna dei med den viktige hybelinntekta mange voldingar framleis har den dag i dag. «I Volda har alle en student på loftet og ein gris i uthuset», skal han ha sagt.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth
Lektor ved Høgskulen i Volda, Kari Hasle meiner at bruk av gamle bygg gir dei betre vern. Foto: Hans Ivar Moss Kolseth

Bruk som vern

– Den beste måten å verne gamle bygningar er å ta dei i bruk, påstår Halse. Det finst mange eksempel på stadar kor dei har klart å verne gamle bygg ved å gi dei en funksjon, påstår Hasle.

Er det nokon særskilte utbyggingar i Volda du meiner ikkje tar omsyn til tradisjonell byggjeskikk?

– Dei gamle løene i Kleppeåsen er det einaste som gjev det området ein viss eigenart. Planane for Rosetfjøra er også gjort utan tanke på omgivnadane. Det er som å byggje ei høgblokk ved sidan av slottet i Oslo.

Illustrasjon: Sporstøl arkiteter AS
Illustrasjon av leilighetsprosjektet: Sporstøl Arkitekter AS

Einsformig nybygging

Heidi Istad som for tida jobbar med kulturminneplanen, seier at kommunen prøvar å ivareta gamle hus, men at ein må vurdere kva som er verneverdig. I Rosetfjøra er dei gamle bygningane på nedsida av Naustvegen regulert vekk, medan husa på oppsida av vegen skal ivaretakast.

Foto: Volda Kommune
Heidi Istad. Foto: Volda kommune

– Vi er opptekne av å ta omsyn til den gamle treutbygginga i Volda sentrum. I Rosetfjøra er det no komen forslag om å byggje bustader, men vi vurderer alltid korleis nye bygg estetisk sett kan tilpassast det eksisterande bygdemiljøet. Bygga blir verna på grunnlag av kva type hus det er, og i samarbeid med riksantikvaren, seier Istad.

Kva tykkjer du om påstanden om at Volda er i ferd med å miste sin særprega arkitektoniske stil, og at Kleppeåsen er eit eksempel på dette?

– Kleppeåsen som heilheit er variert, men det er riktig at noko av den nye utbygginga er einsformig. Det er kommunestyret som godkjenner reguleringsplanane for dei ulike områda, seier ho.

Foto: Randi Hausken
Røros tar godt vare på dei tradisjonsrike uthusa. Foto: Randi Hausken

Internasjonal kulturarv

Kari Hasle meiner Volda sine innbyggjarar burde sjå til Røros, der dei aktivt har gått inn for å verne dei gamle uthusa, framfor å bytte dei ut med garasjar eller parkeringsplassar.

– Uthusa er, saman med stavkyrkjene frå mellomalderen, eit av dei viktigaste norske bidraga til verdas kulturarv. Volda burde ha Røros som forbilde, der har dei restaurert 400 uthus, og huseigarane har dekka tjue prosent av dette sjølv, seier Hasle.

Planteikningane som er lagt ut, viser at bygga vil skugge for utsikta til dei husa som allerede finst i området.  Bygga skal være seks etasjar høge, og vil da bli dei høgaste i Volda. 

Rotsetfjøra er den siste delen av strandlinje i Volda sentrum

Området var sentrum i Volda fram til midten av 1800-tallet. Ristegarden og Garveriet er nokon av bygga som fortsatt står igjen frå perioden, og er næraste nabo til leilighetskomplekset.