Hjelpekorps frå Søre Sunnmøre bidreg i møte med passasjerane 

Cruiseskip Molde

Fleire ambulansar og hjelpemannskap står klare til å ta i mot passasjerane i Molde. Foto: Henrik Sæther, sendt inn som tips til Nærnett.

Etter ein intens redningsaksjon på over eit døgn, har cruiseskipet "Viking Sky" endeleg kome til kai i Molde.

Cruiseskipet «Viking Sky» la til kai i Molde i ettermiddag, etter å ha fått motortrøbbel i Hustadvika utanfor Molde laurdag. Store hjelpemannskap har vore i sving for å hjelpe skipet og dei 1373 personane som var om bord. 25 personar har fått behandling på sjukehusa i Molde og Kristiansund som følge av hendinga, i følge NRK.

Volda Røde Kors er blant dei som hjelper til med hjelpearbeid i Molde. På sine Facebooksider skriv Volda Røde kors at dei bidreg med "alt frå å dele ut pledd til å vere medmenneske".

Shuttlebussar står klare til å ta i mot passasjerar. FOTO: Henrik Sæther

Hustadvika er kjend som eit av dei mest vêrharde havstykka langs norskekysten. Grunna det dårlege vêret som var i området då skipet fekk problem, har redningsarbeidet vore utfordrande. I underkant av 500 personar hadde blitt evakuert med helikopter då skipet ankom Molde søndag ettermiddag.

Cruiseskipet Viking Sky ligg til hamn på Molde Kai. FOTO: Henriette Bertheussen Isachsen 

Nærnett har journalistar på staden og arbeider med å få kontakt med hjelpemannskap frå Søre Sunnmøre som har bidratt i redningsaksjonen. Du kan høyre meir om hendinga med cruiseskipet på morgonsendinga på Radio Volda i morgon klokka 08.30. Det blir også ekstrasending på Nærsynet måndag.

Charles Ivory var ein av passasjerane som blei frakta til Molde Sjukehus. FOTO: Henriette Bertheussen Isachsen 

Amerikanske Charles Ivory fortel Nærnett om den skremmande opplevinga på skipet. Han skildrar korleis det var då ei bølge slo inn ei dør på skipet og vann skylte inn. Bord og stolar fauk vegg i mellom, og Ivory hamna under eit bord der andre menneske hamna over han, slik at han skada foten og vart liggande under vatn.

Ivory seier at han raskt fekk hjelp då han vart henta i helikopter og deretter frakta til Molde sjukehus.

– Eg måtte ta røntgen av beinet og lungene, fordi eg hadde fått mykje vatn i lungene då bølgene slo inn over skipet og eg hamna under vatn. Så det har vore traumatisk.

Han skryt veldig av hjelpa han fekk.

– Hjelpa har vore fantastisk. Både mannskapet, ambulansepersonell og politi.

Han reiser, som resten av passasjerane på cruiseskipet, heimover i dag.