Kvinne dømd til fengsel

Dømd for oppbevaring av amfetamin

DØMD: Ei kvinne i 50-åra er dømd til fengsel i 60 dagar for oppbevaring av amfetamin. Foto: Even Ørjasæter

Ei kvinne i 50-åra er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til 60 dagar i fengsel for oppbevaring av amfetamin. 

Kvinna, som er busett i Volda, var tiltalt for å ha oppbevart henholdsvis cirka 30 og 20 gram amfetamin i 2015 og 2016. 

Kvinna innrømma i retten å ha oppbevart amfetaminen i 2015, noko ho skal ha gjort for ein ven. Dette skal, ifølgje ho sjølv, ha vart i nokre dagar, men mindre enn ei veke. Ho innrømma også å ha gjort det same i 2016, denne gongen skulle noko verte henta av andre, mens ho òg skulle behalde noko sjølv.

Ho fortalte retten at ho har tidlegare hatt eit rusproblem, først med alkohol og piller, og seinere med amfetamin, men at ho no har vore rusfri i ti månader. Ho er også i aktivisering kvar fredag saman med andre som slit med rus og psykiatri.

Då kvinna har tilstått å ha oppbevart amfetaminen, samt at saka har tatt litt tid, meinte retten at fengsel i 60 dagar var ein passande straff. Kvinna har òg vore domfelt tidlegare, for ein rekkje lovbrot, mellom anna brudd på legemiddellova, i 2014.