Svalestup innan yrkesfag 

Dramatisk nedgang i yrkesfag

VIDEREGÅENDE: Nedgang på fleire yrkesfaglege utdanningsprogram

Til to av utdanningsprogramma er nedgangen på søkjarar på 25 til 30 prosent.  

Utdanningsprogramma medier og kommunikasjon og design og handverk slit med få søkjarar. Talet på søkjarar har dalt med mellom 25 og 30 prosent for desse to. Dette er den største nedgangen av søkjarar innan utdanningsprogram for i år. Informasjonen er frå ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune den 7. mars 2017. 

– Dette er dramatisk for desse utdanningsprogramma, fortel fylkesutdanningssjef Erik Brekken i pressemeldinga.

Søkartal for TIP tippar nedover

I likskap med fjoråret, fell søkjinga til teknisk- og industriell produksjon. Nedgangen er på 10 %. Fylkeskommunen kjem med desse opplysningane. Brekken påstår at vi kan skulde på utfordringane innanfor industri- og verftsnæringa. 

– Det er mindre søkjing til fag som industrimekanikarfaget, elektrikarfaget og sveisefaget, medan maritime fag held seg stabilt, seier Brekken.

Fleire læreplassar

Utdanningssjefen fortel til fylkeskommunen at det er ein auke i søkjarar til læreplassar i helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget.

– Vi vil også i år legge opp til ei mobilisering for å skaffe fleire læreplassar, og vi vonar at særleg kommunar ser verdien og nytta av å ta inn lærlingar, spesielt innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingar er ein verdifull ressurs som vi må sjå potensiale i, seier Brekken i pressemeldinga.

Mange yrkesfag strevar

I 2016 hadde bygg- og anlegg gode søkartal. I år, derimot, er det tilbakegang. Søkjinga til restaurant- og matfag er stabil, men det er færre enn hundre elevar som ynskjer seg dette utdanningsprogrammet. Elektro har også mindre søkjing; med nesten 14 prosent færre søkjarar. Dette kjem frå den same pressemeldinga.   

– Det er gledeleg å sjå at helse- og oppvekstfaget framleis er attraktivt og er no det yrkesfaget med høgast søkjing med 449 søkjarar. Dette er ei yrkesgruppe vi veit at vi får bruk for i framtida, seier Erik Brekken.

Seksjonsleiaren om få søkjarar til utdanningsprogram: – Trur elevane er vare for endringar

– Kva trur du om kvifor det er så få søkjarar til medier og kommunikasjon og design og handverk (25-30 %) innan yrkesfag? spør eg.  

– Trur elevane er vare for endringar i moglegheitene for jobb eller studietilbod etter vidaregåande skule, seier seksjonsleiar Geir Løkhaug. 

Løkhaug fortel vidare at Møre og Romsdal fylkeskommune ser på kapasitetsjusteringar både i vår og før den nye skulebruksplanen vert laga til hausten, utan å ville spesifisere dette nærmare.

I motsetnad til andre skular i fylket, ligg Volda betre an i m.a. medieseksjonen. Leiaren for inntaksavdelinga legg til at det er god søkjing til Volda vidaregåande skule på medie- og kommunikasjonslinja og design- og handverkslinja.  

Ulik fordeling mellom kjønna

Med tanke på det yrkesfaglege, er det hovedsakeleg gutar som søkjer til elektrofag, teknisk- og industriell produksjon og bygg- og anleggsteknikk. 

Jentene søkjer mest til kunst, design og arkitektur, design og handverk, dans og drama, musikk og helse- og oppvekstfag. 

Fylkeskommunen meddeler opplysningane i pressemeldinga.