Snart kan du ta med Fido på ekspressbussen

dyr kan reise kollektivt

FÅR BLI MED PÅ BUSSEN: Etter at ein kan ha kunna tatt med hund ombord på dei fleste by- og forstadsbussane, kan ein frå søndag 1. oktober ta med hund ombord på FRAM sine ekspressbussar også. Foto: Even Ørjasæter

Frå søndag 1. oktober vil det verte lov å ha med hund på FRAM sine ekspressbussar.

For å gjere det lettare å reise kollektivt med hund, vil det frå søndag 1. oktober verte lov å ta med seg sin firbeinte ven ombord i FRAM sine ekspressbussar. Det melder Møre og Romsdal fylkeskommune på sine heimesider.

Eigne vilkår

Om du skal ha med hund på buss er det visse vilkår ein må følgje, mellom anna at må sitte lengst bak i bussen, og at du kan verte beden om å vente til neste avgang om der er reisande om bord som er allergiske eller har sterk redsel for hund. Eigar må også betale barnetakst for hunden. Førarhund eller andre hundar i aktiv teneste kan reise utan billett.