Hødd testa ny spiss i treningskampen mot Træff

Badr Rahhaoui, Fredrikstad-spelar, fekk ein omgang som spiss i 2-1 sigeren over Træff.

HØDDVOLL: 19 år gamle Badr Rahhaoui imponerte Hødd-trenar, Sindre Eid, under dagens treningskamp mot Træff.

Nærnett følgde kampen frå Høddvoll.

– Han viste seg bra fram og er på farta heile tida. Ein spennande spelar med ein bra CV for å vere så ung, seier Sindre Eid til Nærnett rett etter kampslutt.

Badr Rahhaoui har 29 kampar på aldersbestemt landslag for Norge og skåra 10 mål på 18 kampar for Fredrikstad 2 forrige sesong. Sjølv er han fornøgd med å vere i Ulsteinvik.

– Det er ein veldig fin og roleg plass. Her kan eg tenke fotball og eg har store mål innan fotball. Det er eit flott trenerapperat og spelargruppe, seier Rahhaoui.

– Kva kan du tilby Hødd?

– Eg har fart og ork til å springe mykje. Eg liker å trene og eg skårar mål, seier 19-åringen med sjølvtillit.

Skåra på sin første sjanse

I det 34. minutt var Træff på ein sjeldan visitt i Hødds sekstenmeter. Ballen blir trilla inn frå venstre og Træffs nr. 5, Svein P. Johansen, viste ingen nåde og satt ballen kontant i krysset frå 10 meter, til Sindre Eids store frustrasjon.

– Vi kan ikkje slippe inn mål på ein sjanse. Det har vore litt sånn i vinter og det må vi kutte ut. Det samme skjedde mot Florø, då var dei inne i sekstenmetere 4-5 gongar og skåra 4 mål, seier Sindre Eid.

Hødd - Træff
Sindre Eid var ikkje fornøgd med måten Hødd slepper inn mål på. FOTO: Morten Asbjørnsen.

Fem minutt seinare fekk Hødd frispark i god posisjon utanfor Træffs sekstenmeter. Bendik Rise stilte seg opp og fekk eit draumetreff av dei sjeldne. Det utløste full jubel hos dei 150 supporterane som hadde tatt turen til Høddvoll lørdag.

– Det var eit skikkeleg godt treff. Eg har skåra på nokon frispark før, men den her var ekstra deilig, seier Bendik Rise.

Laga gjekk til pause med eit mål kvar. 

Undervurderte keeperen

Andre omgang starta roleg og Hødd fekk teste sin nye prøvespelar, Badr Rahhoui. 19-åringen viste seg fram med hurtighet og løpskraft, noko som førte til at han kom aleine med keeper etter ein times spel. Den noverande Fredrikstad-spelaren var ikkje like kald som publikummets hender og sendte avgårde eit svakt skot rett på keeper. 

– Eg undervurderte keeperen og tenkte eg skulle legge den i lengste. Han tok den og eg tar all skyld for den avslutninga, seier Rahhaoui når Nærnett spør om målsjansen.

Sju minuttar seinare vart det meir jubel på Høddvoll. Ein vakker vekta pasning til Didrik Sereba i bakrom var nøkkelen for Hødd som sleit med å sette ballen i mål. Sereba dempa ballen majestetisk på brystkassa før han hamra den inn lågt i mål. 

Slutten av kampen vart prega av mykje stopp i spelet og bytter. Hødd og Træff fekk prøvd ut fleire yngre spelarar, blant dei var Elias Flø som er teken ut til Norges G17-landslag.

No skal Hødd spele borte mot Sogndal tirsdag 14. mars og Førde heime 25. mars på Høddvoll.