EU-parlamentet ber Noreg slutte med kvalfangst

EU-parlamentet ber Noreg slutte med kvalfangst

LANGE TRADISJONAR: Kvalfangst har vore ein del av norsk kultur i fleire hundre år. No vil EU at Noreg skal slutte med fangsten. Foto: Wikimedia Commons

Europaparlamentet oppfordrar Noreg til å slutte med kommersiell kvalfangst. Dei vil også at EU set ein stoppar at norsk kvalkjøt kan transporterast via hamnane i unionen. 

Europaparlamentet kjem med krass kritikk av Noreg si kvalfangst i ei pressemelding tysdag. I pressemeldinga oppfordrar dei Noreg til å slutte med kommersiell kvalfangst og følgje den Internasjonale Kvalfangstkommisjonen (IWC) sitt moratorium, som vil seie at Noreg må slutte med fangst av kval. Medlemmane av parlamentet, som er EU sin lovgjevande forsamling, stemte over dette tysdag.

Forbud sidan 1986

Parlamentet påpeiker at forbodet mot kommersiell kvalfangst har vore i kraft sidan 1986, og at det fortsatt er gjeldande. Noreg kom med ein formell protest i 1993, og har sidan oppretthaldt fangst på fullt kommersielt nivå. Sidan forbudet vart til, har Noreg fanga fleire enn 13 000 kvalar. I pressemeldinga blir det også peika på at Noreg har auka fangstkvota, som dei set sjølve, frå 880 dyr i 2016 til 999 dyr i år. Fiskeriminister Per Sandberg (Frp) har også sagt at han gjerne ser at kvota doblast seinare.

Kun tre land driv med kvalfangst

Utanom Noreg er det kun Island og Japan som driv med kommersiell kvalfangst. Norsk fisk og kval er også særs ettertrakta på den japanske marknaden. 

Nærnett

Les flere artikler fra Nærnett.