Få fullfører mastergradar på normert tid

Høgskulen i Volda

Foto: Ingvild Bakken

I 2016 var det berre 16,67 prosent av masterstudentane ved Høgskulen i Volda som fullførte graden sin på normert tid, i følgje Database for statistikk for høgare utdanning. Landssnittet er på 49,8 prosent.

Flest fullfører på dokumentar og journalistikk

Studieretninga der flest fullfører på normert tid er mastergraden i dokumentar og journalistikk. 35 prosent av desse studentane fullfører på normert tid, men dette er og under landssnittet.

Forbetring frå 2015

I Årsrapporten for studiekvalitet for studieåret 2015-2016 kjem det fram at det var fleire som fullførte mastergradutdanningane i 2016 enn i 2015. Men i følgje rapporten er det framleis for få som fullfører mastergradutdanningane ved Høgskulen i Volda.

Tiltak satt i gong

Det har vorte sett i gong tiltak for å betre gjennomstrøyminga på masternivå. Til dømes har det vorte innført rettleiingskontrakt, obligatorisk oppmøte, og arbeidskrav i nokre emne. Høgskulen i Volda skal halde fram med arbeidet for å minske fråfallet og auke gjennomstrøyminga på mastergradane.