Knallvêret fortset på Søre Sunnmøre

fantastisk ver i vente

BLIDE VERGUDAR: Skal ein tru meteorologane har vi mykje godt vêr i vente på Sunnmøre denne veka. Sjermdump: yr.no

Skal ein tru meteorologane har ikkje sommaren gitt seg heilt enno.

Men sommaren var ikkje død. Sjølv om kalenderen viser slutten av september, har ikkje sommaren tenkt å gi seg heilt enno. I følgje meteorologane frå Meteorologisk institutt, vil i alle fall måndagen minne om sommar, med sol frå skyfri himmel og temperaturar rundt 20 grader på heile Søre Sunnmøre. Sola vil skine på tysdag og onsdag òg, sjølv om temperaturane vil synke noko. 

Fint resten av veka

Skal ein tru langtidsvarselet skal godvêret halde seg ut resten av veka, med nokre skyer på himmelen på laurdag. Så denne veka er det berre å finne fram solbrillane, shortsen og solkremen og nyte vêret før regnet kjem att.