Fleire representantar vert kjende ugilde i bomsaka

Får ikkje stemme i bomsaka

SPENNING: Ikkje alle for vere med å bestemme når Kommunestyret i dag skal bestemme kvar bommane skal stå. Arkivfoto.

Fordi dei har roller i Voldsfjordkryssing AS, vert fleire kommunestyrerepresentantar kjende ugilde i saka om Voldatunnellen. Det melder avisa Møre. 

Voldsfjordkryssing AS er part i saka om finansiering av av Voldatunnellen. I styret sitt Arild Iversen (KrF), Margrethe Trovåg (Ap) og Edvin Dale (Frp). Odd Arne Folkestad (Frp) er dagleg leiar.

IKKJE STEMMEDYKTIG: Fordi han er dagleg leiar i Voldsfjordkryssing AS, får Odd A. Folkestad (Frp) ikkje stemme. FOTO: Aina Ebube Helgheim

Folkestad skulle vore kjend ugild også i formannskapsmøtet forrige veke.

– Eg var ikkje merksam på dette da, seier han til Møre.

Det har ikkje lykkast Nærnett å få tak i Odd Arne Folkestad.