– Dei såg meg for noko meir enn hemminga mi

Ane Serine Dimmen dømmer herrefotball

LET SEG IKKJE STOPPE: Sjølv om Ane har hørselshemming, får ho mange positive tilbakemeldingar på dømminga si. Foto: Lene Flataker.

Ane Serine Dimmen (24) har blitt plukka ut av dommerkomitéen i NFF til å dømme 4. divisjon herrar og 1. divisjon kvinner. Sjølv med hørselshemming, har ho utmerka seg som dommar, og er ein av tre kvinnelege dommarar på Søre Sunnmøre.

– Dømming er mi frisone, fortel Ane Serine Dimmen entusiastisk.

Den 24 år gamle jenta frå Volda fekk blod på tann for fotballen i ung alder. Faren hennar, Johann Roppen, spelte for Hødd i ett år i ein alder av 16.

– Pappa elskar fotball, og ville føre den kjærleiken over til meg. Det førte til at eg byrja å like fotball. Eg spelte kvart einaste friminutt, og kom heim fra skulen med hol på buksa med eit stort smil om munnen, forteller Ane. Dei blå auga hennar lysar opp.

Spelte i blanda lag

Då Ane var yngre, spelte ho for Volda TI Fotball. I starten var dei berre fire-fem jenter på laget.

– Vi blei tvungne til å spele saman med gutane fordi vi ikkje var nok jenter til å forme eit lag. Nokre av gutane likte ikkje dette særleg godt, og kom med kommentarar, mimrar Ane tilbake og ho ser ned i bordet.

“Å nei, må du vere med på laget? Kan ikkje du bytte med nokon andre? Kvifor spelar jenter fotball”. 

ALLTID ELSKA FOTBALL: Ane fekk tidleg opplæring i fotball av faren sin. Foto: Lene Flataker.

Jentene tenkte derimot at dette var gøy. Ane fortel at for å bli betre i noko, må ein bli utfordra i det. Ein får utvikle seg på ein heilt annan måte, sidan jenter sin fysikk er annleis enn gutar sin.

Frå speling til dømming

Med åra danna det seg fleire jentelag, noko ho synest var kjekt. Sjølv var ho på same laget i fleire år. Då laget nærma seg 16 år, byrja dei fleste sakte men sikkert å miste interessa for sporten. Den dag i dag, er Ane den einaste som fortsatt er ein aktiv fotballspelar, og spelar på damelaget til Ørsta IL Fotball.

– Eg dreiv litt med dømming før dette. Det kom gode tilbakemeldingar generelt, men eg følte meg ikkje trygg nok. Eg trur eg var den einaste kvinnelege dommaren på Søre Sunnmøre på den tida, og det var litt skummelt.

Ane heldt på med dømminga i eitt år, før ho slutta og flytta til Bergen i 2011. Tre år seinare gjekk ho på fotballinja på folkehøgskulen i Molde. Der møtte ho ei kvinneleg Toppserie-dommar som tende ein gnist i ho igjen.

For to år sidan vart ho vald ut av kretsen til å vere med på NorCore i Norway Cup, som er ei utviklingsgruppe for dommartalent.

– Vi var åtte jenter og tolv gutar. Terje Hauge, ein av Noregs mest kjende dommarar, var rettleiar på kursa. Han og dei andre rettleiarane viste at dei hadde trua på meg. Dei såg meg for noko meir enn hemminga mi, fortel Ane rørt. Små smilehol kjem fram i andletet hennar.

– Eg let meg ikkje bli påverka

I dag studerar Ane idrett på Høgskulen i Volda og skriv bachelor om fysisk form for dommarar. På sida jobbar ho som vikar på bufellesskapet i Volda for psykisk utviklingshemma. Fotballspelinga har i år derimot blitt sett til side grunna diagnosen krystallsyke. Ho ventar med å spele igjen til ho er frisk nok. Derfor prioritera ho dømminga i 4. divisjon for menn og 1. divisjon for kvinner.

–  Eg byrja å dømme 4. divisjon herrar 20. april 2018, og dømde på Søre Sunnmøre saman med to andre kvinner, fortel ho stolt.

Når Ane skal dømme ein kamp kjem ho alltid ein og ein halv time før kampstart for å gjere seg klar. Om ho ser at tida blir knapp mellom skule og kamp, lagar ho middag heime på førehand, og pakkar tinga sine dagen før.

– Når eg dømmer fotball, tenkjer eg berre på det. Alt anna stenger eg ute frå hovudet. Eg kan ikkje la meg bli påverka av verken spelarar, trenarar eller supporterar.

KVINNELEG DOMMAR: Ane dømmer i 2019 1. divisjon kvinner og 4. divisjon menn. Foto: Lene Flataker.

Ane seier at kvinnedommarane prøvar å dømme så konstruktivt dei kan. Sjølv når spelerane reagerer og vert sinte. Stemma hennar får raskt ein meir seriøs tone når ho fortel om ubehagelige situasjonar ho har opplevd.

– Eg dømde ei kvartfinale i Norway Cup i 2017, og temperaturen var høg. Etter eg blåste av kampen kom det ein gut bort til meg. Han var frykteleg forbanna og byrja med direkte personangrep. Han kalla meg dum, døv og blind, seier Ane og ser ned i bordet igjen. 

Ho valde å ikkje gje han noko kort, for det ville berre fyrt han opp enda meir.

– Eg sa derimot til han at eg kom til å rapportere han. Sjølv om folk reagerer slik, let eg ikkje slikt gå inn på meg. Det var ein oppheta situasjon, men ein må klare å oppføre seg ordentleg, poengterer ho.

Også i 4. divisjon får ho høyre litt av kvart. Ane fjernar håret frå andletet, og legg det bak begge øyrene. Ho fortel om spelarar som vert sinte, ropar og klagar ute på bana.

– Det var ein kamp der ein person stod å kjefta i heile tjue minutt på sidelinja. Etter ein situasjon dømde eg corner, og då kom han bort til meg og ropte. “Det er jo faen meg straffe!”. Eg sa bestemt til han at det ikkje var straffe, at han måtte skjerpe seg og at eg ikkje ville høyre meir frå han. Då gav han seg.

Forskjellsbehandling mellom kvinner og menn

Ane fortel velvillig om skilnadar mellom menn og kvinner i fotballen. Ho har eit brennande engasjement for å likestille kvinner og menn i fotballen. Både med dommarar og i klubbane.

– I februar kom nyhenda om at Verdal IL i Trøndelag trekk kvinnene sitt fyrstelag som hadde rykka opp til 2. divisjon. Dette på grunn av klubben sine økonomiske problem. Pengane vart brukt opp på mannfolka. Her ser ein ei klar forskjellsbehandling mellom kvinner og menn i fotballen.

Fram til no har det ikkje vore ei sterk satsing på damefotballen generelt. Det same gjeld kvinnelege dommarar.

– Dette er noko som heldigvis er i endring. NFF jobbar for å få inn fleire kvinnelege dommarar.

Kurva har og byrja å gå oppover for kvinner i fotballen. “Jentesatsing” er eit prosjekt Norges fotballforbund har arbeida målretta for, og kretsane i landet set no i verk tiltak for å heve damefotballen.

VG skreiv i februar ein artikkel om at kvinnelege dommarar får mykje mindre betalt enn mannlege dommarar. Ane kan bekrefte at også ho har erfart dette, men at når ein dømmer i dei lågare divisjonane, betaler kretsen like mykje for å dømme ein kvinneleg kamp som ein mannleg.

– Ei som dømmer 1. divisjon for kvinner for mykje mindre betalt enn ein som dømmer i Postnordligaen for menn. Når eg dømmer i 4. divisjon herrar og 2. divisjon kvinner betalar kretsen like mykje uansett om du er mann eller kvinne.

Ane brenn for likestilling i fotballen, og håpar utbetalingane til menn og kvinner vert lik snarast mogleg.

DØMMER 4. DIVISJON: Her er Ane i aksjon som hovuddommar i kampen mellom AAFK2 og Ørsta på Color Line Stadion i 2018. Foto: Lene Flataker.

Drømmer om 3. divisjon

Ane ser fram til å dømme årets kampar på Søre Sunnmøre. Sjølv om ho tykkjer det er både gøy og gjevande å dømme i dei divisjonane ho allereie er i, har ho større draumar.

– Eg likar utfordringar, og har eit draumemål om å dømme i 3. divisjon for herrar. Ein må gå gjennom krevjande fysiske testar, noko eg gruar meg til, men her gjeld det berre å setje eit mål - og å klare det. Eg kjem uansett til å halde på med dømming i lang tid framover, fortel ho oppglødd medan ho stryk sitt brune hår vekk frå andletet og smilar frå øyre til øyre.

– Eg kjem til å dømme heilt til kroppen min seier stopp.