Pensjonssparing blant unge vaksne: – Alarmen blinkar for veldig mange i Norge i dag

Pensjonssparing blant unge vaksne i Norge

START TIDLEG: Ingrid Remøy Stokke og Thomas Hoddevik Kupen rådar unge vaksne til å starte tidleg med pensjonssparing: – Du sparar til ei veldig god sak.

Rådgjevarar i Sparebank 1 Søre Sunnmøre seier at dei blir veldig overraska om meir enn 20 prosent under 30 år har byrja med pensjonssparing.

– Pensjon er komplekst, vidt og spanande. Men når folk les om sin eigen pensjon, kan dei verte litt skremde.

Det seier Thomas Hoddevik Kupen, senior kunderådgjevar og fagansvarleg for sparing og plassering i Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Saman med Ingrid Remøy Stokke, bedriftsrådgjevar for forsikring og pensjon, fortel dei om korleis unge vaksne på best mogleg måte bør ta tak i si eiga pensjonssparing.

– Eg har eit kontrollspørsmål som eg stiller unge når eg er ute og held fordrag. «Kva er det motsette av forbruk?». Dei fleste svarar «sparing». Men svaret er arbeid, og inntekt gjennom arbeid. Har du ikkje inntekt, har du ikkje noko å spare, fortel Kupen.

– Minstepensjonistar får ca. 180.000 kr i året no. Det er lite pengar for dei som er minstepensjonistar. Pensjonistar som må leige leiligheiter, dei som er heimeverande husmødre og dei som har mista forsørgar lev under harde kår. Derfor er det viktig å byrje med eiga pensjonssparing så tidlig som råd, seier Stokke.

– Eg blir veldig overraska om meir enn 20 prosent under 30 år har byrja med pensjonssparing, legg Kupen til.

Under kan du lese rådgjevarane si hugseliste når det gjeld eiga pensjonssparing.

1. Skaff deg oversikt

I dag har vi tre typar pensjonsordningar. Folketrygda, arbeidsgjevar (også tidlegare arbeidsgjevarar) og eiga pensjonssparing. I 2006 vart det lovpålagt at arbeidsgjevarar skulle ha ei pensjonssparing på minst to prosent.

– Når du får den fyrste lønsslippen din, bør du ta kontakt med ein rådgjevar i banken din for å få oversikt over din eigen pensjon. Det ligg mykje læring å snakke med ein rådgjevar, og du vil etter kvar også klare å ta gode val i forhold til arbeidsgjevar og deira pensjonssparing, seier Kupen.

– Og du må du tenkje på kva du kjem til å ha ut ifrå dei føresetnadane du har i dag. Dei fleste bytar også arbeidsgjevar i karrieren sin, men ta utgangspunkt i korleis det er i dag, seier Stokke og legg til:

– Det er viktig å tenkje på pensjon og at arbeidsgjevar faktisk kan spare opptil sju prosent. For unge som skal ut i arbeid er det viktig å spørje om løn, men også om kva pensjon bedrifta har. Er det to prosent sparing, eller har du valet om ein annan arbeidsplass som har same løn eller mindre, men som har sju prosent sparing? Då kan det vere lurt å ta den som har mest pensjon, og tenkje på framtida. Pensjon er under endring, seier Stokke.

I forhold til eigen pensjon finnast det eit verkty som er tilgjengeleg for alle, nemleg norskpensjon.no. Der loggar du inn med bankID, og får vite kva arbeidsgjevar har spart til deg.

2. Vere forberedt på å gå ned i løn som pensjonist

– Har du eit snitt på 400.000 i løn, må du forvente å halvere pensjonen og gå ned til 200.000 i utbetaling i året. Og det er ikkje allverda. Det er greitt nok at du byrjar i arbeid når du er 25-30 år. Men om du har ei løn på 400.000 og sparar to prosent, som blir 8000 i året, og jobbar i 30 år … Ein vert ikkje rik av det, legg Stokke vekt på.

– Vi veit at der skjer endringar. Dermed vert privat pensjonssparing viktigare og viktigare for kvart år som går. Folketrygd og arbeidsgjevarsparing er ein mindre del av totalpotten du får når du pensjonerer deg, tilføyer Kupen.

Han meiner det er eit individuelt ansvar som vi kanskje ikkje har teke innover oss enda her i Norge.

– Andre nasjonar er mykje lenger framme enn oss når det kjem til det å ta sjølvstendig ansvar for eiga sparing til pensjon. Blant anna Australia og USA.

Kupen seier også at pensjonsutbetalinga frå folketrygda og arbeidsgjevar kjem til å gå ned, og dette er ein av dei store grunnane til at ein burde starte med eiga pensjonssparing tidleg.

– Dette kan ein sjå i samanheng med at forventa levealder kjem til å verte høgare med åra. Dei som i dag er i 20-åra er sett til å bli over 100 år. I staden for å jobbe til de er 62-67 år, må de kanskje jobbe til de er 70 år, kanskje til og med til 72.

3. Byrje å planlegge

– Snakk med ein rådgjevar i banken din som kan hjelpe deg med å setje opp ein privat spareplan til pensjonsparing, fortel rådgjevarane.

Stokke ytrar at du kan byrje å setje av til langsiktig pensjonssparing frå du er 20 år med 2-300 kroner i månaden.

– Når du etter kvart får fast arbeid, kan du også heve innskotet. 

Folketrygda, eit nasjonalt og sosialt forsikringssystem, vart innført i Norge i 1967. I 2011 vart denne endra. Alle år du er i arbeid, fram til du er 75 år, tel for pensjonsoppteninga di. Pensjonsbehaldninga di auka for kvart år du har pensjonsgjevande inntekt.

– Alarmen blinkar for veldig mange i Norge i dag. Det er veldig mange som ikkje veit kva dei vil få i pensjon, det gjeld både yngre og eldre, seier Kupen.

– Det er viktig å ha ein kapital i bakhand. Ingen vil verte sjuke eller uføre, men der godt å ha det i bakhand om det skulle skje. Kom deg i arbeid, planlegg og start med sparing, rådar Stokke.

4. Start sparing

Det finnast ulike typar pensjonssparing. Rådgjevarane anbefaler å starte med alderstilpassa pensjonssparing. Der er det alderen din som avgjer korleis pengane investerast.

– Ein bør starte med pensjonssparing så snart det let seg gjere. Startar du i 20-åra med pensjonssparing, bør du starte med 100 prosent aksjar. Med 100 prosent aksjar i aksjefond er det veldig lite sannsynleg at desse pengane vil gå tapt. Sparing i fond løner seg over tid, sjølv om det i periodar kan svinge litt ned, fortel Kupen.

Kupen forklarar at dersom du kjøper ei aksje i eit selskap, er du medeigar i selskapet. Dersom selskapet går konkurs, og tapar du pengane. Om du sparar i aksjefond som består av alt frå 25 til 100 selskap, og eitt selskap går konkurs, kjem du ikkje til å merke noko av det.

– Dess større del av pensjonssparinga di som består av aksjar, dess meir risiko har du. Men der har du også høgare forventa avkasting, og ein tener meir på det langsiktig. Når du fyller 40 år og oppover, kan det vere lurt å justere kor stor del av pensjonssparinga som skal bestå av aksjar, legg han til.

For å sikre pensjonen når du vert eldre, blir aksjeandelen justert ned, og du utsett deg sjølv for mindre risiko ved sparinga.

– Når du vert pensjonist, vert aksjeandelen konvertert ned til 25 prosent aksjeandel og 75 prosent renter. Då er risikoen låg, og ein har lågare avkasting. Det er ei trygg folkesparing ved å nytte seg av fond, seier Kupen.

– Det er lett å forstå kva produktet er. Alle data er lett tilgjengelege, og du kan sjå kva selskap du investera pengane dine i. Fondsuniverset er stort, og du kan sitje heime i stova å velje sjølv.

AKSJEFOND: Slik ser sparing i aksjefond ut. Det mørkeblå viser aksjefondsparing, medan det lyseblå viser rentesparing. (Faksimile: Sparebank 1)

Stokke og Kupen legg til at det likevel kan vere lurt å leggje inn pengar på BSU-kontoen fyrst. BSU står for bustadsparing for ungdom, og er eit tilbod for dei mellom 13 og 33 år. På ein slik konto kan ein spare 25.000 kr årleg, totalt 300.000 kr.

– Vi anbefaler aller fyrst å spare opp på BSU. Klarer du å spare meir enn BSU, så burde du setje av til langsiktig sparing, seier Kupen.

– Men for å få frådrag i skatten frå BSU, må du passe på at det vert oppfylt fyrst. Ein får 20 prosent frådrag frå skatten på BSU-kontoen av det du har spart kvart år, skyt Stokke inn.

5. «Stick to the plan»

Rådgjevarane fortel at det er frykteleg individuelt korleis pensjonssparing går føre seg.

– Det kjem an på kva pensjonssparing ein har med arbeidsgjevar. Men det viktigaste er å kome i gang, og heller justere det undervegs ved hjelp av rådgjeving. Pensjonssparing burde vere like vanleg som å abonnere på Netflix, seier Kupen og legg til at pensjonssparing er noko som alle burde ha i bakhovudet.

To personar som er gifte, og har same årsløn, kan ha heilt forskjellig utfall når det gjeld pensjon.

– Då er det viktig å ta ein «EU-kontroll» på pensjonen, ein periodisk kontroll for å sjå korleis det står til med pensjonssparinga, fortel Kupen.

Stokke og Kupen meiner at bindingane til pensjon berre er mental, og at du ikkje bør stoppe opp med sparinga når du fyrst har byrja.

– Det er ikkje alle som har den sjølvdisiplinen til å spare på denne måten. Vinnarane er dei som klarer å stå ved sparinga si. Det er viktig å ha kontinuitet i sparinga, og ikkje stoppe opp med å setje inn pengar.

– Til du har, til meir brukar du. Det er så mange freistingar der ute, men du må hugse på å tenkje på framtida, seier Stokke og legg til at du ikkje kan ikkje vente på å vinne i lotto.

– Til sjuande og sist er det eiga pensjonssparing som tel. Du sparar til ei veldig god sak.

Held føredrag om pensjonssparing

Sparebank 1 Søre Sunnmøre held føredraget «Pensjon for folk flest» i Ulsteinvik og Fosnavåg 16. oktober, og i Ørsta 17. oktober. Dette for å gje ut informasjon om sjølve sparinga.

– Der skal vi snakke om kvifor det er lurt å starte med pensjonssparing tidleg. Du treng ikkje om å vere kunde hjå oss for å vere med på føredraget, og du kan snakke med din eigen rådgjevar i din eigen bank om pensjonssparing i ettertid, avsluttar Kupen.