– Gleden du får av å vera med andre

Jostein Vatne syns det er positivt at fleire engasjerer seg for å bli frivillig. Foto: Mari Kippernes

Røde Kors Ørsta er svært aktive å kome med tilbod for dei som kontaktar omsorgstenesta deira, seier leiar i tenesta, Jostein Vatne.

Røde Kors Omsorg er ein del av Røde Kors Ørsta. Dei heit tidlegare Besøktenesta. Dei har mange ulike tilbod for dei som treng det.

– Noko av det vi tilbyr fast er ei kioskvogn kvar 14. dag på Volda sjukehus og Ørstaheimen, så vel som ei songstund på Ørstaheimen ein gong i månaden, fortel Jostein Vatne. Han er leiar i besøkstenesta.

Dei har også arrangert tre turar dei kallar «Ut på tur». Dette har dei saman med kommunen sin heimebaserte omsorg.

– Vi har dratt til blant anna Sæbø, Kalvatn og Rekkedal gjestegård. Til Rekkedal hadde vi med oss rundt 40 personar, fortel Vatne. 

– På desse turane plukkar me ut dei som er heime som ikkje har fått plass på institusjonar. Dei byr me med oss på turar.

Eit nytt tiltak omsorgstenesta har starta med er samlingstund i Vallamarka annankvar onsdag klokka 12.00. Her blir det kaffi, vaflar og av og til blir det musikk.

Røde Kors Omsorg, velkomen til ein givande aktivitet som gir meir enn det krevst
GIVANDE: Røde Kors Omsorg ynskjer velkomen til ein givande aktivitet som gir meir enn det krevst.

Dei kan også tilby ein til ein besøk der det er ein eller opp til tre personar kjem på besøk til dei som har eit behov for å ha nokon å snakke med.

Stort engasjement

Det er 47 som jobbar frivillig i omsorgstenesta fast. 14. mars skal det vera kurs med 22 nye frivillige.  

– Det er eit viktig behov i samfunnet sidan me no har fått veldig mange familiar som bur spreidd rundt om i landet. Me har ikkje i så stor grad enn før den to og tre generasjon familien som me hadde før, der heile familien budde i lag, seier Vatne.

– Mange eldre er meir einsame enn før, ikkje fordi at dei har dårleg nettverk men fordi nettverket deira ikkje er tilgjengeleg.

Videre fortel Vatne at for at dei som tek kurset skal få noko meiningsfullt arbeid, må det byggjast roleg opp.

– Me har ikkje kapasitet til å ta inn 100 eller 200 personar og forsøkje å gi dei arbeidsoppgåver per i dag.  Me er veldig bevist at dette må me bygje opp stein for stein og få til aktivitetar der medlemane meiner er givande og syns er kjekt. Det er også viktig med kjemi med dei som skal gi omsorg og dei som skal få omsorg.

Vatne trur at ein av grunnane til det er så mange i dag som vil vera frivillige er på grunn av videoen av Aud frå Trondheim, som opna seg med at ho følte seg einsam. Dette gjorde at 5.000 menneske over heile landet verva seg som frivillig. Røde Kors Omsorg lyste ut om kurset, og folk meldte seg på – dobbelt så mange som sist år.

– Det er veldig positivt, seier Vatne.

Gleden ein får fra andre

– Gleden du får igjen av å vera med andre er det som motiverer meg til å gjere denne jobben, seier Jostein Vatne.

Røde Kors gjer andre tiltak sidan dei er eit beredskap organisasjon. Dei var blant anna med på leiteaksjonen som var i fjor haust, dei bidrog med kjøkkenteneste, laga mat til dei som leita og ein gjeng som tok av seg parkeringa av bilar som kom. I tillegg arrangerer dei barnas dag i januar som har vore veldig populært.

– Det er mykje arrangement, og mange som stiller opp.