Skulestreik for klimaet

Skulestreik for miljøet

Inga Wei Vasskog Ulalland og Ingvild Sunde Stokke frå Volda miljø og ungdom er klar for skulestreik for klimaet. Foto: Synnøve Hefte

16 år gamle Greta Thunberg har påverka ein heil verd med ungdomar for å stå opp for klimaet. Dette har påverka fleire ungdomar rundt om i verda for å streike for miljøet. 22. mars er det nasjonal skulestreik og Volda natur og ungdom har laga eit arrangement utanfor rådhuset denne dagen.

Skulestreiken går ut på at ungdommane skal få oppmerksamheita til politikarane for at dei skal ta grep for å gjere noko med klimautslippa. I følge FN rapporten må Noreg kutte 40 til 50 prosent av utsleppa vår for at me ikkje skal gå over målet som er 2 graders global oppvarming. Politikarane her i Noreg skryt over små tiltak dei gjer, men viss me skal nå måla må me ha omstilling. Folk kan gjere så mykje små ting dei vil, men det er dei store tiltaka som trengs, fortel Ingvild Sunde Stokke som er leiar for miljø og ungdom i Volda.Me er nødt til å ta mindre fly, kutte ned på oljefelt, satse på kollektiv transport.

– Kva er vitsen å lære om framtida viss me ikkje har noko framtid?

Grunnen for at me streiker er at unge ikkje ser noko behov for å få ein utdanning på ein død klode. Dei vaksne må bryr seg om å tenke meir på miljøet. Politikarane bør setje seg inn i klimapolitikken, ikkje fortelje oss at me skal vera på skulen.

 

Engasjerte ungdommar

Me har fått positivt respons av arrangementet, det er mange som har trykka skal eller interessert på facebook, seier Inga Wei Vasskog Ullaland. Me håpar på at dei som kjem er engasjerte.

– Me må endre på den måten me lev på for å klare dette. Dette trur eg me kan klare.

Jentene fortel at oppmøtet startar 11:30 ved Oppheimsparken ved rådhuset. Her skal det blant anna vere appellar og rope høgt om ein betre framtid. I tillegg samarbeidar dei saman med KFUK-KFUM Global sin kampanje “sov med Erna, stå opp for klima”. Kampanjen går ut på at dei som vil kan sove utanfor eit viktig hus, her i Volda skal dei sove utanfor rådhuset. Dette skjer tordagen, dagen før skulestreiken. Me skal sove som Erna og late som me ikkje bry oss, så skal me våkne opp dagen etterpå og kjempe for klimaet og vise at me eigentleg bryr oss og gjer grep, seier jentene.

Det er håp

Slagordet til miljø og ungdom er “Viss ikkje du er kven, viss ikkje no,når?” Dette vil sei at viss ikkje noko blir gjort no, når skal det bli gjort? Og viss du gjer noko, kven skal gjere det då?

– Det er no me må bry oss, dei fleste ungdommar ser det er reelt, det er ikkje sant det nokon voksne seier om at klimautsleppa ikkje er menneskeskapt, det er menneskeskapt, seier Ingvild. 

Jentene held håpet oppe. Me må få til å stoppe dette. Dei har tru på at dei internasjonale bevegelsane kan få til å hjelpe for å få ein betre framtid.