Tidlegare Volda-studentar vann Fritt Ord-prisen

PRISVINNARAR: "Tysfjord-saka"til Kenneth Hætta og Harald Amdal er eit godt eksempel på omfattande, undersøkande journalistikk med store samfunnsmessige følgjer. Foto: Kenneth Hætta.

Onsdag 4. april kom pressemeldinga frå stiftelsen Fritt Ord om kven som vann Fritt Ord-prisen 2017. Harald Amdal og Kenneth Hætta er to av årets vinnarar. Dei har begge vore studentar ved Høgskulen i Volda, og starta gravearbeidet i Tysfjord-saka i sitt masterstudium.

Journalistane Harald Amdal, Kenneth Hætta, Eirik Linaker Berglund og Thor Harald Henriksen tildelast Fritt Ord-prisen 2018 for den tillitsbaserte og konsekvensrike gravejournalistikken deira i «Tysfjord-saka».

Masteroppgåve enda opp i VG

Det var i juni 2016 at VG Helg publiserte ei reportasje over 12 sider med tittelen «Den mørke hemmeligheten». Saka vart fylgt opp av ei rekke saker i VG, både på papir og nett. I VG Helg-reportasjen fortalte elleve personar, alle lulesamer, om seksuelle overgrep dei sjølv påstår å ha vorte utsett for. Det vart og fortalt overgrepshistorier som i fleire tiår har vorte skjøve under teppet i Tysfjord, og om konsekvensar dette har fått.

«Vi har ikke kunnet dokumentere at det skjer flere seksuelle overgrep i Tysfjord enn andre steder i landet. Men, vi har pekt på faktorer som kan ha gjort tausheten rundt et allereie tabubelagt tema ekstra sterkt i den samiske delen av befolkningen i kommunen». Det skriv prisvinnarane i sin eigen metoderapport om arbeidet i saka.

På skulebenken i Volda

Ein av dei fire prisvinnerane er Harald Amdal. Bak seg har han både ein bachelor i journalistikk, og ein master i dokumentar og journalistikk – begge tatt på Høgskulen i Volda. Han fortel om augeblikket då han sperra auga opp for journalistikkyrket.

– Eg jobba som journalist i lokalavisa i Sauda før eg visste at eg ville verte journalist. Eg likte jo å skrive, men synest det var stressande med deadlines. Så, rundt årsskiftet 2005/2006, medan eg jobba i lokalavisa, lærde journalistkollega Frank Waal meg sjølve handverket: viktigheita av vinkling, og korleis ein skal vinkle – og kva som bør vere ei sak, og kva ein må droppe. Då fekk eg auga opp for journalistikkyrket. Hausten 2006 sat eg på skulebenken i Volda som journalistikkstudent, seier Amdal.

HØGE AMBISJONAR: Kenneth Hætta hadde høge ambisjonar for masteremnet i undersøkande journalistikk på Høgskulen i Volda. Foto: Torgrim Halvari.

Høgskulen i Volda er nasjonalt kjent for å ha ei av landet sine beste journalistutdanningar, noko som også lokka Kenneth Hætta til Sunnmøre for å ta ein samlingsbasert master 15 år etter at han tok grunnutdanninga i Oslo. Han er den andre av årets Fritt Ord-prisvinnarar, som også har gått på Høgskulen i Volda.

Kenneth Hætta seier at han hadde høge ambisjonar for masteremnet i undersøkande journalistikk. 

– Vi vart anbefalt å samarbeide med andre, og eg spurte Amdal. Vi sat i kantina og kladda ned idear, og eg nemnde at eg trudde det kunne vere ei historie i ei Nordlandskommune ved namn Tysfjord. Eg hadde allereie jobba ein del med saka i NRK. Eg gjekk igjennom mange metoderapportar, og la opp ein strategi for kjeldearbeidet, blant anna med rettleiing av Svein Brurås på etikk, fortel Hætta.

Takkar tidlegare lærarar

– Før eg søkte meg til Høgskulen i Volda, fann eg ut at høgskulen var «berykta» for sitt journaliststudie. Då eg kom inn der, var det enkelt å takke ja til studieplassen den seinsumaren, fortel Amdal. 

TIDLEGARE VOLDA-STUDENT: Harald Amdal tok både bachelor i journalistikk og master i dokumentar og journalistikk på Høgskulen i Volda. Foto: Privat.

Han takkar for rettleiinga han fekk då han tok eit fordjupingsemne i masteren på høgskulen. Det var i dette fordjupingsemnet at Amdal og Hætta, starta arbeidet med Tysfjord-saka i ei oppgåve i gravejournalistikk.

– Det var på hausten i 2014 at vi gjorde dei første undersøkingane i Tysfjord som ein del av fordjupingsemnet i masteren vår, basert på informasjon som Kenneth hadde om overgrep i bygda. Eg ynskjer å trekke fram Hans Martin Dypvik, vår rettleiar under arbeidet, og gav oss gode råd. Han fortener ein klapp på skuldra. Vi ynskjer også å takke Svein Brurås, for etikkråda han kom med, seier han.


Æra er stor

Amdal synest det er stas å vinne Fritt Ord-prisen, og at det handlar om å gjere seg fortent til å få informasjon ved hjelp av noko han føler er ei mangelvare innan journalistikk.

– Det er stas! Og eg er så glad for at Fritt Ord med dette rettar merksemda mot det eg meiner er ei mangelvare i dagens journalistmiljø: tillitsbygging. I Tysfjord var det ikkje nok å  spørje. Det handlar om å gjere seg fortent til å få informasjon, slik at folk ville fortelje om det verste som kan skje dei. Dei valde å stole på oss, då eg lova dei at vi ikkje ville gje oss før historiene deira skulle bli kjent i ei riksdekkjande avis.

Han håpar og at arbeidet hans kan inspirere andre.

– Eg håpar dette kan inspirere unge og lovande gravejournalistar. Tysfjord-saka er eit eksempel på at undersøkjande journalistar trengs.

Hætta synest også at æra er stor. 

– Eg er halvt samisk, og har blitt fortalt at eg er den fyrste mottakaren med samisk kulturbakgrunn. Det gjer, om mogleg, æra enda større. Frå eit medieperspektiv er Tysfjord-saka eit eksempel på korleis media kan fortelje om minoriteter sin rettssikkerheit og menneskerettigheiter, ved hjelp av uavhengige dokumentaristar med ulik kulturbakgrunn, fortel Hætta.

Samfunnet svikta

Amdal seier at han skjønte tidleg at alt måtte belysast offentleg.

– Sjølv meiner eg at høgdepunktet er at no er Tysfjord-saka endeleg kjent for heile Noreg. Hætta og eg skjønte på eit tidleg stadium at alt måtte belysast i eit nasjonal medium - slik at samfunnet, som på fleire plan har svikta i Tysfjord, ville verte «tvungen» til å ta ansvar for å forhindre nye seksuelle overgrep i framtida.

Hætta meinte saka ville passe til VG Helg.

– VG fekk tilbodet om saka, og takka ja nokre månadar etter at vi hadde forsvart saka på munnleg eksamen. 

Amdal fortel vidare at det ikkje er uproblematisk at ein journalist kontaktar sårbare personar.

– Kvinnene og mennene som valde å fortelje oss sine historier fortenar ein enorm takk. Fleire av dei opplever at dei no vert teken på alvor. Lågpunktet var då ei av kvinnene tok sitt eige liv. Ho fekk ikkje oppleve at Tysfjord-saka no har kome fram. Eg hadde mange samtalar med ho før ho tok livet sitt. Det er ikkje uproblematisk at ein journalist kontaktar så sårbare personar. Vi var redde for at sjølvmord kunne skje då vi starta tillitsarbeidet i Tysfjord.

Likevel valde journalistane å fortsette, fordi konsekvensen av å ikkje jobbe med saka ville verte for stor.

– Eg er glad for at vi tenkte nøye igjennom dette i forkant, og involverte profesjonelt helsevesen, slik at alle fekk tilbod om hjelp. Men det er vondt, også i dag, å tenkje på at ho tok livet sitt.

Ei sak med store samfunnsmessige følgjer

Fritt Ord-prisen er stiftelsen si høgaste utmerking, og delast ut 2. mai i Den Norske Opera & Ballett i Oslo, tilknytt markeringa av Noregs frigjering i 1945. Prisen vert gitt til ein, unntaksvis fleire, personar eller organisasjonar som har bidrege til områder der organisasjonar verkar, særleg i arbeidet for ytringsfriheit. Stiftelsen grunnar kvifor Amdal, Hætta, Berglund og Henriksen si Tysfjord-sak har vunne slik:

– Saken er et spesielt godt eksempel på omfattende, undersøkende journalistikk med store samfunnsmessige følger. Den kan være en inspirasjon i en mediesituasjon der norske redaksjoner strever med å prioritere store og krevende prosjekter, seier Stiftelsen Fritt Ords styreleder Grete Brochmann i pressemeldinga.