– For kvar trening og kamp vert vi betre og betre

Tommy Malins ny trener i Bergsøy

EI NY UTFORDRING: Tommy Malins ser fram til sin fyrste sesong som hovudtrenar for Bergsøy sitt A-lag. Foto: Lene Flataker.

Engelskmannen Tommy Malins har både spelt og jobba i klubbar som Volda og Hødd. No er han klar som hovudtrenar for Bergsøy sitt A-lag, og jaktar på tabelltoppen i 4. divisjon.

– Då eg fyrst kom til Bergsøy som hovudtrenar, kom eg med min eigen spele- og lærestil, og min filosofi bak det å spele fotball. Det kan hende at det ikkje er likt måten gutane spelte på tidlegare, så det vert ei spanande utfordring.

For Tommy Malins handlar det no om å innkvartere ideane han har, til 4. divisjonsspelarane sine hovud og bein. Det er nettopp det som er styrkene til 32-åringen. Å lære og trene andre.

– Det er ei form for å utdanne spelarane innan fotball. Kvar spelar har ein annleis læremåte, og ein ser litt etter litt at spelarane tek opp det eg prøvar å lære vekk. For kvar trening og kamp vi har, vert vi betre og betre, og det såg vi under sist cup-kamp mot Sykkylven. 

Bortekampen som endra alt
 

SAMHALD GJEV SIGER: Det var god lagånd både før, medan og etter kampen mot Sykkylven. Foto: Lene Flataker.

Måndag 11. mars hadde A-laget til Bergsøy OBOS Cup-kamp på bortebane mot Sykkylven. Fyrste målet kom allereie etter ti minutt. Etter det Tommy beskriv, såg han likevel ikkje alt han ynskja i 1. omgang.

– Vi har jobba mykje med omstilling og ballbesittelse, samt å halde korte avstandar mellom kvarandre. I fyrste omgang sleit vi med dette, fortel han.

Under garderobepraten i pausen, snakkar Tommy om kva dei måtte jobbe meir med for å oppnå desse ynskja.

– Spel simpelt. Eitt til to touch er simpelt, og det er der vi treng å vere. Det er ein god start, men no skal vi snu kampen på hovudet, seier Tommy med stort engasjement.

Gutane er einige, applaudera kvarandre og går ut for omgang nummer to. På sidelinja ser trenarapparatet på tre mann akkurat det dei har lengta etter. Bergsøy skårar til saman seks mål, vinn kampen og reiser heim til Fosnavåg med blanke ark.

To spelarar hadde debut for A-laget denne kampen. Magnus Myklebust, eit nytt tilskot til laget, og 15 år gamle Vegard Håheim Elveseter. 

SIGER: Bergsøy vann 6-0 mot Sykkylven i OBOS Cup. Foto: Lene Flataker.

– Han veit kva han driv på med!

Tysdag ettermiddag troppar ein glad hovudtrenar opp på klubbhuset til Bergsøy. Smilet går frå øyre til øyre, mykje på grunn av det som skjedde i 2. omgang dagen før. På kontoret til dagleg leiar Tom Beddari går praten i eitt.

Beddari fortel om årets ambisjonar, og strategiske planar for klubben.

– Vi må ha kontinuitet i klubben, og halde på spelarane våre. Det er naturleg at fleire forsvinn på grunn av skule andre stader i landet etter vidaregåande, og då kan spelarstallen raskt bli liten.

Han seier at sportsleg utval då må jobbe med å finne spelarar, i all hovudsak lokalt på Søre Sunnmøre. 

– Vi er ein breiddeklubb som satsar på utvikling av eigne spelarar, samtidig som vi også vil sjå resultat og å ha eit A-lag som førebilete. Vi ynskjer oss opp ein divisjon, til 3. divisjon.

I samtalen vert også "Mannskapet" nemnt, supportergjengen til Bergsøy. Både Tom og Tommy håpar dei vert å sjå under både borte- og heimekampar den komande sesongen.

– Dei gjev energi til spelarane, og er eit flott tilskot til klubben, fortel dagleg leiar med eit glis.

– Ja, og dei lagar mykje lyd! Det er effektivt, det er sikkert. Dei er gjerne to-tre gongar fleire enn det andre laget sine supporterar er, slår Tommy fast.

Beddari er også fornøgd med signeringa av Tommy, og seier at han likar det han har sett så langt.

– Tommy er sjølvsikker. Han har ambisjonar for seg sjølv, klubben og spelarane. Han veit kva han driv på med, og er flink til å lære vekk det faglege til spelarane.

Frå Vest-London til Bergsøy
 

TRENAR MED DEI YNGRE: Franjo Tepurić forklarar Gutar 8 år kva posisjon på bana dei skal ha under kampen. Foto: Lene Flataker.

Kl. 17.00 er det klart for trening. Denne gangen har dei tatt seg inn i Fiskarhallen saman med Gutar 8 år. Å trene samtidig med dei yngste, er noko nytt dei har byrja med.

– Vi vil at A-laget skal vere førebilete for alle i klubben. Folk skal kunne sjå på dei, og sjå noko godt. Derfor trenar seniorane saman med dei yngste, fortel Tommy oppglødd.

Sjølv har han vore både spelarutviklar og trenar for lag i alle aldrar i tidlegare klubbar, og dette er noko han fortsatt driv med i Bergsøy. Trenararbeidet byrja allereie hjå Newman Catholic College i 2011. 

FOTBALLBONANZA: Tysdag hadde A-laget trening i Fiskarhallen. Foto: Lene Flataker.

– Det er ein "all boys"-skule i Vest-London, eitt av dei fattigaste strøka i området. Det var ikkje lett å undervise der, sjølv om det var både gjevande og utfordrande, fordi eg jobba med ekstremt vanskelegstilte barn.

Tommy seier at det berre er så og så mange gongar at du klarer å bli trua av lokale gjengar med knivar og pistolar. 

– Gutane i Vest-London har ingenting, absolutt ingenting. Dei er heldige om dei har ei familie, halvparten av dei. Utfordringa var å engasjere dei i skulen i staden for gjengmiljøet, som er veldig sterkt representert i det området.

Han fortel om ei episode som skjedde etter at han og ei klasse var på veg tilbake til skuleområdet etter ei utflukt.

– Gjengen prøvde å ta ein av gutane. Dei tek med gutane til festar, og gjer dei om til narkotikalangerar. Om dei vert tatt, skjer det ingenting med dei fordi dei er så unge. Som tilsette vart vi lært opp til å kjenne att situasjonane, så eg tok tak i guten og låste han inne på skulen sitt område som er heilt omgjerda, fortel Tommy og ser ned på kontorpulten sin.

– Desse tre massive mannfolka kom mot oss. Du er jo redd for at dei skal knivstikke deg etter skulen. Dei gjer slikt. Vi veit dei har knivar. Dette er kvardagen til barna, og det er akkurat dette vi ikkje vil at barna skal bli involvert i. Og det kan vere veldig vanskeleg, for gjengane bryr seg ikkje, så ein må prøve å opparbeide seg respekt med dei på den rette måten.

Han seier at han og den andre sportslæraren var flinke til dette, for elevane elska sport. Var det nokon som skulle ta tak i dette problemet, var det dei, for barna likte dei godt.

– Her er det annleis, for folk har meir generelt i motsetning til elevane i Vest-London. Utfordringa her er at barna forventar ting, i staden for å fortene det, og det er noko eg prøvar å jobbe med i treningane. 

Jaktar på tabelltoppen
 

TUNGT: Plankeøvelsen er god trening for kjernemuskulaturen. Foto: Lene Flataker.

Sjølv har Tommy spelt fotball i mange år, og fortel om skilnadar frå den engelske fotballen til den norske. Chelsea-supporteren viser elegant korleis ting skal gjerast under A-lagstreninga.

Treninga byrjar med god gamaldags uttøying og styrketrening. Den eine etter den andre legg seg ned på magen på den grøne kunstgrasmatta, og opp i planken. Etterpå tek dei sit-ups i par med ball. Ein kan høyre latter, og småprat om at magemusklane får køyrt seg. Om ikkje sveitta renn no, kjem den til å gjere det seinare.

STYRKETRENING: Det er ikkje berre leik og spel det går i på treningane til A-laget. Her må dei også til med styrketrening. Foto: Lene Flataker.

– I dag skal vi ha konkurranse, og den som er raskast ferdig vinn. Sjølvsagt skal eg vere med sjølv!

Åtte stasjonar er lagt ut på A-laget sin halvdel. Ein skal blant anna balansere ballen på hovudet over ei viss strekning, skyte ballen frå ei kjegle og treffe midt i mellom tre små mål som er satt saman, og trille ballen på eitt skot frå linja og inn i eit lite området. Om du ikkje treff på fyrste forsøk, må du sjølvsagt prøve igjen.

BALLBALANSE: I Tommy si konkurranse måtte ein blant anna balansere ballen på hovudet. I følgje spelarane sine reaksjonar, var det ikkje lett. Foto: Lene Flataker.

Fyrst i mål var, ikkje overraskande, hovudtrenaren sjølv. Tommy traskar fram og tilbake mellom stasjonane, og kikar på spelarane sine. Studerer teknikkar. Flirar litt. Gir råd. Gutane på 8 år står på andre banehalvdel og stirar med vidopne auge.

– Dette skal eg også klare når eg blir stor!

Etter konkurransen, er det tid for spel. To og to skal spelarane jobbe saman, mot alle dei andre, for å skåre mål. Skårar du, får du gå ut av bana og stå å sjå på resten slite. Her får dei trena seg på det Tommy sine ynskjer er, omstilling og korte avstandar mellom kvarandre. Like viktig er det å ha oversikt over kvar ein har kvarandre.

Det er gode taklingar, flotte pasningar og elegante mål. Tommy er sjølvsagt med no også, og får køyrt seg hardt - seier han sjølv.

– Er det no eg skal seie at eg byrjar å bli gamal, ler han. 

Keeper slår eit utspel, og fyrst på ball er Tommy. Med berre eitt touch slår han ein heil-volley i høgre kryss med ryggen til. Spelarane ser smålig sjokkerte ut, og klappar.

– Wow, det såg eg ikkje kome.

Sjølv om Tommy berre er trenar no, imponerer han stort på bana. Han er nokon spelarane ser opp til, både som person og som sportsleg rettleiar. No gjeld det å jobbe vidare med visjonen han har for A-laget fram mot seriestart i april. 

– Vi skal gi alt vi har, og satsar på toppen av tabellen. Vi skal jobbe hardt for det, og vi skal fortene det, seier han bestemt med eit smil om munnen.

VISER FRAM GAMLE TRIKS: Tommy prøver seg på ein "rainbow flick". Foto: Lene Flataker.

Nye tilskot til A-laget

Etter at Tommy vart hovudtrenar i Bergsøy, har det blitt forlenga og signert fleire kontrakter til A-laget. På sin fyrste arbeidsdag, signerte han keeperen Petter Meland Aasen for to nye år i Bergsøy-drakta. Roald Runde, som har spelt for Spjelkavik i 3. divisjon dei 4-5 siste åra, har signert ei treårskontrakt. Også angrepsspelaren Franjo Tepurić har forlenga si kontrakt med klubben med tre nye år. Det siste tilskotet til no er Magnus Myklebust, som blant anna har 16 kampar for U21-landslaget og over 160 kampar i Tippeligaen.

Neste kamp for Bergsøy er fyrste kvalifiseringsrunde i NM 2019. Kampen mot Ørsta sitt A-lag går av stabelen søndag 17. mars, på Aurstad Arena i Ørsta. Tommy Malins ser fram mot helga og håpar på å sjå samme magien, som A-laget sine raske bein skapte i kampen mot Sykkylven, i kampen mot Ørsta.

TIDLEGARE TIPPELIGA-SPELAR: Magnus Myklebust har god erfaring frå fotballen på øvste nivå i Noreg, og er no motivert for å spele i Bergsøy-drakta. Foto: Lene Flataker.