Derfor blir det så kaldt når det er fint vær 

været

Bakken blir varma opp av sola, og når sola går ned, begynner bakken å miste energi. Dette er det meteorologane kallar strålingsavkjøling. 

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid. FOTO: Meteorologisk institutt
Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid. FOTO: Meteorologisk institutt

Statsmeteorolog, Geir Ottar Fagerlid, seier   at du får den kraftigste strålingsavkjølinga når det er skyfri himmel. 

- Klare netter fører til at bakken blir kjøligare, enn om det hadde vore overskya. 

Fagerlid forteller at tegnet på at det skal bli veldig kaldt, er viss været klarner opp i løpet av natta. Dette fører til at bakken blir kald og det dannar seg ei hinne av is. 

- Strålingsavkjøling er med på å gjere køyreforholda ganske vanskelege om vinteren, tidleg vår og på seinhausten, forklarar Fagerlid.