– Veldig takknemmelege for det klubben har gitt oss

Volleyball-gutar

GLER SEG TIL NY HALL: Eks-Volda spelarane er klare på at det blir bra for KFUM Volda og få på plass nye Volda Arena. FOTO: Kyrre Fitje

Samtlege av dei besøkande klubbane på Sparebank1 eliteturnering har med seg ein volding tilbake til heimbygda i helga. – Vekker mange minner, seier tidlegare Japan-proff og Koll-spelar, Sigrud Festøy. 

– Det er utruleg bra opplegg, det her, seier Kristian Røv (Førde) når Nærnett møter han, Sigrud og Arjan Festøy (Koll og NTNUI), Sverre Flåskjær (Førde) og Elias Lødemeld (Førde) i inngangspartiet i Ørstahallen

I helga er dei med på den etterkvart tradisjonelle eliteturneringa i volleyball som arrangerast i Volda og Ørsta denne helga.

Dette er tredje året turneringa blir arrangert. 

Sjå Viking-Førde og NTNUI-KOLL på Nernett her 

– Det er kjekt for laga å kunne møtest for å spele i ei så velorganisert turnering rett før seriestart. Det gir oss god kamptrening, samstundes som vi får måle oss motstandarane våre, held Røv fram medan kompisane nikkar seg einig. 

Sjølv om gjengen har ei alderspreiing på over 7 år har samtlege av volleyballspelarane ein ting til felles. 

Fortida i KFUM Volda.

– Volleyball dannar 

Eldstemann i gjengen, Sigurd Festøy, vedkjenn at det kjem mange gode minner tilbake når dei spelar volleyball på heimebane at. 

– Ein kjenner på minna, ja. Det er fint å komme tilbake hit og sjå at det gode miljøet som hjalp oss dit vi er no, framleis held fram. Det er mange gode folk i denne klubben, og folk som gir mykje for idretten. Det er kjekt å sjå. 

Medan resten av gjengen nikkar og seier seg einig held Sigrud Festøy fram med å takke gamleklubben for det dei har gitt dei. 

– Volleyball dannar deg på ein anna måte enn andre idrettar. Eg meiner at vi lærer også mykje om korleis vi skal vere og oppføre oss, og dette er noko klubben tar veldig seriøst. Vi blir danna menneskje også. 

– Kvifor er volleyball betre enn andre idrettar på det området? 

– Volleyball er annleis enn mykje anna. Det er framleis ein lagsport, men vi er berre seks spelarar på bana, svarar Kristian Røv og utdjupar vidare:

– I barne- og ungdomsfotballen til dømes, kan folk bli støytt ut av gruppa fordi dei ikkje er gode nok, eller fordi folk ikkje likar deg. Slikt går ikkje i volleyball, her er du avhengig av at alle er med og engasjerte. Eit lag er ikkje svakare enn sin svakaste spelar. 

– På tide med ny hall

Tidlegare i haust vart dei første spadetaka tatt på det som skal bli den nye fleirbrukshallen i Volda sentrum, og dermed ta over for den gamle Voldahallen. 

Dei fem voldingane synes det er trist å tenke på at den gamle hallen blitt tatt ut av drift, men er klar på at det er på tide med noko nytt. 

– Det er litt trist, men samstundes ser du at Voldahallen trenger å bli bytta ut, forklarar Røv før Sigrud Festøy held fram. 

– Det er ikkje før du speler i ein hall som Ørstahallen du forstår at vi treng endring. Dette er noko heilt anna enn det vi er vand med, sjølv i elitserien. 

Herrane sine kampar gjekk laurdag i Ørstahallen, før dei flyttar over til Voldahallen i dag. Kampane kan du sjå direkte her.

– Takhøgda er noko heilt anna. Det er først her inne ein verkeleg kan få spelt skikkelig forsvasrspel, slik det skal gjerast. På dei fleste anre banene vi speler ball treff ballen taket med ein gong. Det er ein kjip treng i nesten alle hallane vi har her til lands, forklarar Sigurd Festøy før han utdjupar. 

– Den nye arenaein i Volda skal vel ha 12 meter under taket. Det er ei god høgde, eg gler meg veldig til å spele i den. Eg trur det kan bli bra for klubben. 

Lys framtid

Koll-spelaren held fram med å ramse opp dei gode ringverkningane som kan komme med den nye hallen.

– KFUM Volda er ein veldig godt driven klubb, dei har eit jentelag i eliteserien no. Det er veldig kjekt å følgje med på. Med eit moderne anlegg og dei gamle gode trenarane og apparatet. Trur eg dette kan bli veldig bra.

– Er det ein sjanse for at dykk tar turen tillbake til heimklubben i framtida? 

– Hehe. Om klubben stiller i stand eit stabilt herrelag som er godt nok, skal det vertfall ikkje stå på motivasjonen til å komme heim, avsluttar Røv medan resten av gjengen ler med.