Meir språkrot frå Volda kommune

Volda er ei nynorskkommune, men ei melding skrive av kommunen i går, var verken på bokmål eller nynorsk. 

–  Eg er skuffa og vonbroten, som han sa, skriv mottakaren på facebook etter å ha fått ei melding frå Volda kommune på ei blanding av nynorsk og bokmål. 

Statue av Ivar Aasen
Nynorsken sin far: Ivar Aasen hadde ikkje vore nøgd med korrespondansen i Volda kommune. FOTO: Erling Sivertsen

Fleire tilfelle

Forrige veke vart det sendt inn ei klage på eit skilt som var skrive på bokmål. Dette har kommunen retta opp i. Denne veka har kommunen sendt ut ein e-post som ikkje er skrive på nynorsk. 

Avdelingsleiar Edvin Løfoll for veg/park i Volda kommune kan ikkje svare Nærnett på kvifor dette skjer, men seier at dei prøver så godt dei kan å sende ut informasjon på riktig målform. 

Mållova

Ifølgje Språkrådet krev lov om målbruk i offentleg teneste at: 

"Når lokale og regionale statsorgan informerer på nettsider, i stillingsannonsar, rapportar og anna skriftleg tilfang, skal dei bruke tenestemålet sitt". I Volda kommune er tenestemålet nynorsk. 

Har du hatt opplevingar med feil bruk av målform på Søre Sunnmøre? Tips oss