Ønskjer å skape meir engasjement 

feministisk pub

Foto: Elise Marina Eikevik

Onsdag 8. mars vert det arrangert feministisk pub på Det Grøne Treet for å markere kvinnedagen. Arrangørane bak dette er Oda Næs Skoglund (22) og Guro Kvist (21). 

– Eg skal opne det heile med ein introduksjon og ein appell. Deretter tenkjer eg å snakke litt om kva utgangspunktet for å arrangere dette er, og tankane mine rundt det å være feminist som 21 åring, seier Kvist.

I tillegg til dette blir det både quiz og panelsamtale som omhandlar temaet dei har valt å kalle ”Treng vi eigentleg feminisme?” Marie Havnsund frå Amnesty International Volda kjem også for å snakke rundt temaet.

– Panelsamtalen blir jo det faglige innputtet. Vi har fått tak i 3 sjølverklærte feministar som skal møtas for samtale, fortel Kvist.

Skoglund fortel vidare at grunnen til at dei har valt å kalle det panelsamtale og ikkje debatt er fordi det skal vere rom for å ha ein samtale med rolig stemning.

– Først og fremst skal det bli god stemning, legg Skoglund til.

Ved å arrangere dette ønskjer dei å legge til rette for at folk kan samlas på ein felles arena, der ein markerar dei kampane kvinner framleis må kjempe. I tillegg ønskjer dei å feire dei seierane kvinner har hatt.

– Vi tenkjer jo at dette er ein mogelegheit til å endre litt på biletet folk har av det å vere feminist. Liksom modernisere det litt. Forhåpentlegvis engasjerer vi også fleire på vår alder til å ta del i feminismen, seier Skoglund.

Både Kvist og Skoglund fortel at dei synes det har vore lite 8. mars arrangement som har vært attraktivt for dei og andre på deira alder. Dei håpar derfor på at ved å arrangere pub, når dei ut til fleire folk.

– Eg tenkjer jo også det at å sette det som en feministisk pub på ein måte ufarleggjer temaet, seier Skoglund.

Det er også bestemt at overskotet av inngangspengane skal gå til Amnesty International ”Kvinner på flukt”.