Fortalte om opplegget i Volda for andre fotballfritidsordningar

ffo volda suksess

Fotballfritidsordninga i Volda har vorte ein stor suksess etter starten for fire år sidan. For to veker sidan deltok leiar Arild Hagen Bakke på ei fellessamling for alle liknande ordningar i landet for å presentere opplegget i Volda.

Ordninga vart starta opp i 2013, og har i dag 16 tilsette. I alt deltek 223 barn frå skular i Volda på FFO. Bakke fortel at det ligg mykje hardt arbeid bak å gjere ordninga til ein slik suksess.

– Vi har jobba steinhardt frå dag éin. Hovudfokuset har heile tida vore å skape eit best mogleg tilbod for brukarane våre, som først og fremst er foreldre som ynskjer ein plass der ungane blir tatt godt vare på.

­­– Flinke tilsette og flott anlegg

For å skape eit best mogleg tilbod trekk Bakke mellom anna fram at dei har tilpassa opningstidene etter brukarane sine behov, og flinke tilsette som har skapt eit miljø der ungane trivast som viktige punkt.

– Her er mange flinke tilsette som har vore med frå starten, både i forhold til å leggje til rette for fysisk aktivitet, men også til å ta vare på ungar på andre måtar. Vi har mellom anna vore heldige med ho vi har på kjøkenet, som lagar varm mat til ungane nesten kvar dag.

Bakke trekk også fram anlegget på Volda stadion, med både hall og nytt klubbhus, som ein viktig suksessfaktor. Vidare fortel han at dei jamt og trutt får gode tilbakemeldingar frå både ungar og foreldre.

– Den beste tilbakemeldinga vi får er talet på ungar som melder seg på. Der er det som er kvalitetsstempelet. Vi fekk ein god start for ordninga, som har gitt oss eit godt rykte. Det gjev tydeligvis mange barn.

Presenterte for andre fotballfritidsordningar

For to veker sidan var Bakke på ei årleg samling i Oslo for alle fotballfritidsordningane til i landet. Han vart invitert dit av prosjektleiar Trine Rønning, for å presentere ordninga i Volda. Å få lov til å snakke på samlinga har vore eit mål for Bakke i fleire år.

– Eg huskar eg var på den same samlinga i 2014 og høyrte på klubbane som presenterte sitt opplegg der. Då sa eg til meg sjølv at ”der skal eg stå ein dag, og presentere det vi held på med i Volda”. Å ha fått oppnådd det er ei god forsterking på at vi har fått til noko bra, og det gjev all verdas motivasjon til å fortsetje.

Mange jenter

Noko av grunnen til at Bakke vart invitert til å snakke på samlinga er at det er mange jenter som deltek på Volda FFO i forhold til liknande ordningar andre stader i landet. Bakke trur noko av grunnen til at mange jenter er interesserte i fotballfritidsordninga er at innbyggjarane i bygda generelt er opptekne av fysisk aktivitet. Han skryt også av instruktørane på FFO.

– Vi har hatt mange flinke kvinnelege instruktørar, og også mange mannlege som har gitt jentene ein annan dimensjon i forhold til det å vere på fotballtrening. Det trur eg har vore sunt.