Vil førebygge fødselsdepresjon med sjølvhjelpsprogram

Fødselsdepresjon

Illustrasjonsfoto

Målet med det nettbaserte sjølvhjelpsprogrammet «Mamma Mia» er å førebygge fødselsdepresjon. Forskarane bak programmet ynskjer no å integrere det i helsestasjonstenesta.

Programmet «Mamma Mia» har som mål å vere helsefremjande og førebygge depresjon. Silje Marie Haga er prosjektleiar for Mamma Mia-studien og forskar ved RBUP Helse Sør og Øst. Ho fortel at 10-15 prosent opplever depressive symptom i fasen rundt eit svangerskap.

Veit ikkje at dei er deprimerte

– Det er generelt lite kunnskap om temaet. Det er ikkje alle som veit at dei er deprimerte, opplyser Haga. Toril Høydal er fagleiar ved helsestasjonen i Volda og er einig i dette utsegnet.

– Kvinna går kanskje rundt med ein følelse av at ho ikkje strekk til. Likevel kan det vere svært vanskeleg å oppdage fødselsdepresjonen, fortel Høydal. Ho tilføyer at helsestasjonen legg vekt på samtalar tidleg i svangerskapet for å kartlegge kvinna si psykiske helse.

VIL KARTLEGGE: Toril Høydal har fokus på kvinna si helse tidleg i svangerskapet.                                                                                                                              Foto: Marita Solheim

Haga fortel at utgangspunktet for det nettbaserte programmet er at forskarane har kartlagt at mange kvinner opplever barseltid som tøffare enn det treng å vere.

– Det er viktig med fokus på psykisk helse i denne sårbare livsfasen, fastslår Haga.

Tett oppfølging rundt fødselen

Sjølvhjelpsprogrammet startar i veke 22. Etter ultralyd har du fått sett babyen og du startar å bygge ein relasjon til den. Programmet består av sesjonar som tar ca. 10 minutt å fullføre. I løpet av svangerskapet får du det tilsendt på e-post ein gong i veka. Etter fødsel er det tettare oppfølging med tre dagar i veka, før det gradvis trappar ned til ein gong i veka. Programmet held fram til babyen er seks månader. 
Innhaldet er alt i frå tilknytning til barnet, å forstå barnets tilstand, trøst og mental helse. Dette fortel Haga som er førsteforfattar og prosjektleiar.

Vil integrere programmet i helsestasjonstenesta

– Tilbakemeldingane på programmet er veldig gode. Vi har intervjua 66 kvinner som meiner det er ei veldig god støtte i svangerskapet og tida etterpå. Alle har eit ynskje om at jordmødre og helsesøstre i større grad bør kjenne til programmet, seier Haga.

Silje Marie Haga, forskar ved RBUP Helse Sør og Øst.

Foreløpig ligg gratistilbodet tilgjengeleg på Norske Kvinners Sanitetsforening, men Haga si målsetting er å få programmet inn i helsestasjonstenesta.

Fjernar barriere

Programmet «Mamma Mia» tar vekk barrieren av å måtte oppsøke nokon.

– Kvinner som skal føde brukar nettet aktivt for å finne informasjon. Det er mykje som kan vere skremmande når ein vil «google» noko, seier Haga. Ho håpar sjølvhjelpsprogrammet kan vere ei hjelpande hand for mange.

Barseltårer forvekslast med fødselsdepresjon

Barseltårer rammar 80 prosent av kvinner. Dette kan fort forvekslast med fødselsdepresjon.

– Barseltårer kjem rett etter fødsel og kan vare ei veke eller to. Det er mykje hormonar i sving etter fødselen, så ein kan ikkje stadfeste at det er fødselsdepresjon på dette tidspunket, fortel Høydal.

Høydal legg vekt på at dei har god oppfølging etter ein fødsel med fleire samtalar og samarbeid både med fastlege og psykolog.

– Av og til kan det vere aktuelt at far til barnet er lenger heime som ei støtte eller avlasting i prosessen, meiner ho.

Reduserer depressive symptom

Effekten av sjølvhjelpsprogrammet er evaluert i ein studie der 1342 kvinner har deltatt. Studien er publisert i Psychological Medicine.

Resultata viser at programmet reduserer depressive symptom. Forskarane ynskjer å sjå kva effekt det får når det etter kvart koblast på ein støttefunksjon, som oppfølging frå helsesøster, skriv Dagens Medisin.

– Jordmødre og helsesøstre har vore med på å utvikle programmet, fortel Haga. Forskarane og utviklarane av programmet jobbar no med å få det inn i retningslinjer og systematisk bruk i helsetenesta.