Sjå videoverført debatt!

Førehandssak - valdebatt

Du kan følge den videooverførte debatten frå torsdag klokka 12, og chatte med Nærnett undervegs. 

Torsdag klokka 12 brakar den store politiske debatten laus i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Også dei som ikkje har høve til å kome, kan følge debatten her på Nærnett. Han blir nemleg direkte videooverført. Nærnett oppdaterer med spørsmål, svar og kommentarar referert fortløpande via liveblog undervegs i sendinga.   

– Politikarane var positive til å kome frå første stund, fortel programleiar Lars Hægeland. 

Han skal leie debatten saman med programleiar Malin Saue Johansen. 

– Med ni parti og berre ein time til disposisjon, er det viktig at vi klarer ha kontroll over politikarane, påpeikar ho. 

Tema som skal settes under lupen er eldreomsorg, fråværsgrensa i den vidaregåande skulen, kampen om dei kristne veljarane og miljø. 

– Vi har klar videoar som skal presentere kvart tema, slik unngår vi at det blir for stakkato.  

Blant politikarane som kjem, er det fleire førstekandidater. Den yngste deltakaren er  21 år gamle Anbjørn Frislid frå Ørsta, som representerer Frp. 

Fredric Bjørdal, førstekandidat for Ap  

Anbjørn Frislid, formann i Volda/Ørsta Fpu 

Geir Inge Lien, andrekandidat for Senterpartiet

Lage Nøst, førstekandidat for Mdg  

Marianne Synnes, andrekandidat for Høyre 

Pål Farstad, førstekandidat for Venstre 

Yvonne Wold, førstekandidat for Sv 

Stein Kristiansen, førstekandidat for Raudt 

Simon Molvær Grimstad, førstekandidat for Krf 

 

Live Blog Valgdebatt i Volda
 
Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.