Over 1200 personar har førehandsstemt i Volda

Førehandsstemming

KLAR: Inger-Johanne Johnsen seier at dei har merka stor pågang på folk som ynskjer å førehandsrøyste. Foto: Tarjei Engeset Ofstad 

Er du registrert i ein kommune langt vekke, men ikkje fått stemt? Fortvil ikkje – på rådhuset i Volda kan du stemme på eit blunk. 

Inger-Johanne Johnsen er valfunksjonær på Volda rådhus. 

Ho fortel om god pågang.

– Det har blitt meir normalt å førehandsrøyste fortel ho. 

Berre i løpet av måndag 4. september fram til klokka 14, hadde hundre veljarar lagt seidelen i urna på rådhuset, og to hundre på Høgskulen i Volda. 

Johnsen opplyser om at over 1200 personar har stemt på førehand i Volda, og at det dermed ligg an til å bli merkbart fleire enn i 2013, då 1500 gjorde det same totalt. 

Også Ørsta kommune melder om uvanleg mange forhåndsrøyster. Rådhuset i Ørsta har ope for førehandsstemming  torsdag 7. september heilt til klokka 18. Dei drar også til Norangsfjorden for å «sanke» stemmer, der same dag. 

Dersom du ville stemme på høgskulen er du for seint ute. Men, du kan framleis gjere borgarplikta di, på rådhuset 8-16 til og med fredag 8. september. 

Johnsen oppmodar til å kome innan torsdag: 

– Det går an å stemme her på fredag også, men då må ein vere her før klokka 14, for då blir stemmene henta! 

Les også: Rekordår for skulevalet

Redd for å måtte stå i kø? Det var ein god del av nettopp kø på høgskulen, men på rådhuset var det særs roleg.  

Fire studentar ved valurna på høgskulen: 

Spørsmål: 

1: Korleis er det å førehandsstemme? 

2: Kva vil du seie til dei som ikkje stemmer?

Sandra Elise Sandal 

1:  Eg er folkeregistrert i Ringerike , så det er viktig for meg å få stemt likevel.

2: Det er frykteleg dumt å ikkje nytte sjansen.

August Volden Skara 

1: Det er fint å få det gjort tidleg.

2: Eg har ikkje noko til overs for gi faen-mentalitet. 

Johann Vikersveen 

1: Bra at dei ansvarlege tar det seriøst, og legg til rette for at flest mogeleg stemmer. 

2. Eg seier til dei som vurderer å stemme, at dei då i det minste bør stemme blankt. 

Ingrid Strømmen Kolseth 

1: Eg følte meg litt dårleg informert, og sleit litt med å finne ut korleis eg skulle gjere det. 

2: Du kan ikkje klage regjeringa, dersom du ikkje gidd å stemme.  

 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda som prøver å være god i alt.