Her er dei ulike prosjekta

Statsbygg har fått inn forslaga til korleis eit nytt mediebygg kan sjå ut.

Tidlegare i år lyste Statsbygg ut ein konkurranse for eit nybygg for mediefaga ved Høgskulen i Volda. Her skal 500 studentar og 50 tilsette bli samla under eitt tak.

Dei fire konkurransedeltakarane er K Norang AS / PEAB, HS Bygg AS, HENT AS og Veidekke, skriv Statsbygg i ei pressemelding. 

Blir avgjort i løpet av hausten

Høgskulen i Volda har ønskt seg eit nybygg i meir enn ti år.

Statsbygg gjennomfører prosjektet på oppdrag frå høgskulen. Den som vinn konkurransen, skal også stå for bygginga av det, ifølge pressemeldinga.

Mediebygget vil til saman bli 2700 m² stort. 

Det er Statsbygg og Høgskulen i Volda som avgjer kven som vinn konkurransen, men regjeringa skal også ta stilling til om det kan realiserast. 

Meir informasjon kan du få på statsbygg sine nettsidar