Ny runde med kollonnekøyring i Rotsethorntunnelen 

Forstår at arbeid i Rotsethorntunnelen leit

VENTETID: Om du skal gjennom Rotsethorntunnelen på nattestid framover, må du by deg på ventetid. FOTO: Henrik Røyne

I to veker frå 13. oktober vil det bli natte-stengd i Rotsethorntunnelen i Volda. Prosjektleiar Arne Ola Stavseng er lei for at det blir ein ny arbeidsperiode. 

– For å kome oss til her må vi opp ed lift som står i vegbana, og som heile tida må flyttast på når det er trafikk gjennom tunnelen, seier prosjektleiar Arne Ola Stavseng til Statens Vegvesen. 

Han held fram: 

– Med kolonnar til faste tidspunkt blir det mindre avbrot i arbeidet, og ei betre framframdrift vil redsusere talet på netter med stengd tunnel. 

Stavseng presiserar også at det er viktig å ta omsyn til arbeidarane si sikkerheit. 

– Har prøvd å unngå det

– Vi seier oss leie for at det no blir ein ny periode med kolonnekøyring, forklarar prosjektleiaren. 

Han har forståing for at det er ei ekstra belastning for trafikkantane: 

– Vi forstår at dette er ei ekstra belastning. Difor har vi forsøkt å unngå dette så langt som råd dei siste vekene. 

Men no såg Stakseng ikkje noko veg utanom. 

– No ser vi derimot at det er nødvendig med eei ny periode med færre kolonnar for å sikre god framdrift og arbeidstilhøve til dei som skal jobbe i tunnelen. 

Stengd kveld og natt

Frå 13. oktober til 26 oktober vil Rotsethorntunnelen vere steng med kolonnekøyring til faste tidspunkt kvar kveld og natt. 

Kolonnetidene ser du her: 

Frå Volda            Mot Volda

19:20                     19.40               

20:20                     20.40               

21:20                     21.40               

22:20                     22.40               

00:20                     00.40              

02:10                     02.30               

04:30                    04.50                

05:45                    06.05                

06:30                   06.45