Politiet mistenkte rus - tok feil

Fosnavåg kuppa politiloggen

Fosnavåg kuppa politiloggen frå Søre Sunnmøre i natt

Natt til søndag gjekk det roleg for seg på Søre Sunnmøre, med eit unntak: i Fosnavåg. Politiet meldte om slossing der, rett etter at klokka hadde passert 03.30:

Då politiet kom fram til staden, hadde dei involverte fordufta. 

Berre ein halvtimes tid etterpå vart ein gut i slutten av tenåra stoppa i trafikkkontroll. Også dette i Fosnavåg. Politiet meinte han virka rusa, og gjorde derfor ein urintest av guten.

Men, det er ikkje skjønn, men fakta som avgjer. Testen frikjente guten,. Politiet delte testsvaret umiddelbart etter kontrollen.  

 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes.