Frivillige samlar inn pengar til ny røntgenmaskin

Frivillige samlar inn pengar til ny røntgenmaskin

FOTO: Vibeke Cederkvist

Maskina som målte beintettleik på Volda Sjukehus blei øydelagd for eit par veker sidan. No vil lokale eldsjeler samle inn pengar til ny røntgenmaskin.

– Eit godt fungerande lokalsjukehus skal også ha ei røntgenmaskin som måler beintettleik. Difor inviterer vi til ein innsamlingsaksjon for dette, seier Synnøve Rekkedal Hill og Karen Høydal. Det var Møre-Nytt som først melde om saka.

DETTE ER SAKA: No må du til Ålesund for å måle beinskjørheit

Dei to kommunestyrerepresentantane i Ørsta synest det er uheldig at Volda Sjukehus har mista dette tilbodet. Tidlegare i haust svikta den tjue år gamle røntgenmaskina. Helse Møre og Romsdal vedtok då at det i staden skulle komme nye maskiner til sjukehusa i Ålesund og Kristiansund.

– Vi har vore i kontakt med Volda sjukehus. Dei ser positivt på eit slikt initiativ. Det vil ikkje medføre ekstra kostnader for dei. Røntgenavdelinga har eit rom til føremålet. Dei har tilsette med lang erfaring og kompetanse til å gjere undersøkingar med ei slik maskin, og det vil ikkje medføre auke i bemanninga, seier Rekkedal Hill.

Rundt ein million

Det er ikkje avklart kor mykje ei slik røntgenmaskin vil koste. Det er antyda ein sum på rundt ein million kroner.

– Prisen er avhengig om det vert kjøpt inn ei maskin tilsvarande den som no gjekk sund, eller den typen dei no har ved sjukehusa i Ålesund og Kristiansund. Den siste typen er litt dyrare, fortel Rekkedal Hill.

ØYDELAGD: Røntgenmaskina ved Volda Sjukehus må byttast ut.     Foto: Vibeke Cederkvist

Rekkedal Hill og Høydal oppmodar heile Søre Sunnmøre om å engasjere seg. Både kommunane, politiske parti, lag og organisasjonar og næringsliv.

– Vi har tradisjon for slike innsamlingsaksjonar for lokalsjukehuset vårt her på Søre Sunnmøre, seier Høydal.

Den 25. oktober vil det verte eit informasjonsmøte på Volda sjukehus om saka. Til stades vert representantar for røntgenavdelinga som vil fortelje meir om behovet og kostnaden med ein ny maskin.

– Her håpar vi representantar for kommunane, næringsliv og lag og organisasjonar stiller, og så får vi drøfte vegen vidare, seier Rekkedal Hill.

Osteoporose

– Osteoporose – beinskjør, er ein sjukdom i skjelettet som gjer at beinstrukturen blir meir skjør og dermed blir ein utsett for beinbrot.
Ei rekke sjukdomar kan også medføre utvikling av sjukdomen som hormonsjukdomar (stoffskifte), nyresvikt og bindevevssjukdomar.
Konsekvensen av sjukdommen er beinbrot, kroniske smerter, funksjonstap og redusert livskvalitet.

– Her er det målingar av beintettleik som må til, og difor er apparatet ved sjukehuset så viktig, poengterer Høydal.

– Vi må også hugse at dette gjeld mykje eldre folk, og då er det viktig at det er lokalsjukehuset som tilbyr denne typen undersøkingar, avsluttar Rekkedal Hill.