Hadde fleirtalet i kommunestyret tunellsyn?

Front: Gruvedrifta i Steinsvik: Dagbrot, konkurs og gjennoppliving

GULL ELLER GRÅSTEIN? Robert Welsvik visar utskipingsanlegget. Er dette viktig næringsutvikling, eller eit dårleg prosjekt med negative følger? 

Steinsvik Olivine fekk alt dei kunne håpe på av Volda kommune. Gunnar Strøm (SV), var sterkt imot både dagbrotsløyve og å gi kommunalt lån. 

Gunnar Strøm ser tilbake på tida då Volda kommune sa ja til olivinuttak i Vassbakkedalen i Steinsvika. Han sat i kommunestyret då, i 2003, og gjer det enno.  

  – Det der er ein betent sak, seier han, sjølv om vi skal 14 år tilbake i tid.

Del 1 om gruvestriden i Steinsvika: Børsta støvet av konflikten

 – Til å byrje med skulle dei berre vere ei småskalabedrift. Det var ein strategi for å omgå konskevensutgreiing, meiner Strøm. 

– Narrespel: Gunnar Strøm står for det han sa i 2009. 
Foto: Tarjei Engeset Ofstad.

«Anlegget har aldri produsert meir enn indikert i søknad til dagbrot. Tvert om ligg produksjonen langt under» parerer Welsvik i ein e-post. 

Underjordisk drift? 

I reguleringsplanen frå 2003, er eitt nøkkelord nemnt 26 gonger. Det var svaret på omtrent kvart einaste miljøproblem gruvedrift kunne medføre. Visuell forureining?  Kulturmiljø? Sårbar hubro? Utrydningstruga grønnburkne-bregne? Støv? Løysinga var underjordsdrift. Kommunen føresette at drifta skulle skje under bakken, ikkje som dagbrot, for å godkjenne planane. 

 

Til å byrje med var gruva i tunell. Det varte ikkje lenge. Etter berre nokre månader med produksjon i 2005, var det bom stopp for drifta.  

SV tapte alle slaga

– Tunelldrifta viste seg å vere ulønnsam, fortel Welsvik, som var styreleiar i Steinsvik Olivin på den tida. 

– Dei einaste som ville tent pengar på det, ville vore Ørsta stål som leverandør av støttepilarar, legg han til med eit forsiktig smil. 

  I 2007 gjorde kommunen heilomvending og ga grønt lys for dagbrot. I kommunestyret stemte 22 for og 5 mot – alle fem frå SV, deriblant Gunnar Strøm.

– Vi prøvde å få gjennom eit forslag om at verksemda måtte sette av pengar til å rydde opp om det skulle gå galt, fortel han.  

Gjekk konkurs 

Nederlag vart det for Steinsvik Olivin også, i 2009. Då gjekk dei konkurs, trass i at dei hadde opna dagbrot. No låg anlegget der som det ein del kallar eit ope sår i landskapet, i ein tidlegare relativt urørt fjelldal, utan å ein gong generere pengar. Gjelda var på 17,5 millionar kroner.
  Welsvik peikar på finanskrisa som hovudårsaken til at det gjekk som det gjekk.

– Med lågare aktivitet i stålindustrien, forsvann etterspørselen, fortel han. 

Han fortel også om ei last verdt to millionar som dei ikkje fekk selt. Welsvik snakkar om ein tysk agent som skapte trøbbel, og at det hadde hamn jarnskrap i lasta. 

VASSBAKKEDALEN: Dagbrotet er unekteleg eit tydeleg naturinngrep. Foto: Robert Welsvik

Kommunen ga risikolån 

På lista over Strøm sine ankepunkt, har vi sist men ikkje minst det kommunale lånet: 1,7 millioner kroner, med pant i kaiannlegget. Disse pengane gjekk tapt under konkursen. 
 

– Bankane meinte at forretninsgideen var risikabel, likvel valte kommunen å gi lånet, erindrar Strøm. 

I 2009, same år som konkursen, karakteriserte Strøm framgangsmåten til Steinsvik Olivin for eit «tragisk narrespill». 

– Det står eg for enno.  

Welsvik svarar slik i e-posten: 

«Bankane gav lån, ikkje berre kommuna. Dessutan skal kommuna ha ros for å hjelpe etablering av bedrifter (...)»

Welsvik driv gjeldsfritt

I 2010 kjøpte Welsvik opp konkursbuet, og la til ein «e» i namnet: Steinsvik Olivine. I 2014 allierte han seg med tyske forretningspartnarar, og slapp dei til på eigarsida, med 49 prosent av aksjane, fordelt på to selskap. Welsvik sjølv har aksjar i eit salskontor i Tyskland, der dei stålproduserande kundane er. I 2015 gjekk Steinsvik Olivine med overskot, i 2016 med underskot. 

 – Vi hadde ingen produksjon i fjor, vi sel berre når prisane er gode nok, forklarer han. 

 Det er ein stor skilnad på måten det gamle og nye føretaket opererer: Welsvik driv utan gjeld, og har eigenkapital å lene seg på. Derfor tar Welsvik fjorårets underskot med steinknusande ro.  I 2010 kom ei ny lovbestemming som sa at dei som driv gruver, plikter til å anten sette av penger til opprydding, eller sette av ein fast sum inn på eit fond til dette formålet. Welsvik har valt det siste. 

FLYTTA: Etter innspel frå Indre Dalsfjord grendalag, vart sjølve steinknusinga flytta frå Steinsvika opp til gruva i Vassbakkedalen. Foto: Robert Welsvik. 

– Sunnmørsk gründerånd 

Gunnar Strøm reflekterer litt over kva det var som gjorde at Volda kommune i stor grad støtta opp under Steinsvik Olivin gjennom heile prosessen.  

– Det er noko med den sunnmørske gründerånda her, vilja til å få til ting, som er fantastisk seier Strøm. 

Han er opprinneleg frå Trondheim, men er særs godt integrert i Volda.

 – Når kommuner her på Sunnmøre ser mogelegheiter til å støtte næringsliv, då gjer dei det, held han fram.  

 – Så gjeld det berre at det ikkje bikkar heilt over i det ukritiske. 

Steinsvik Olvine gir ingen faste arbeidsplassar, men sysselsett lokale underleverandørar. I reguleringsplanen frå 2003 står det: «tiltaket vil medføre behov for ca. 10 personer i anleggsfasen og tidlig driftsfase». Sånn sett var det optimistisk dersom Volda kommune håpa på mange nye lokale, faste arbeidsplassar. 

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes. 

    KVA ER OLIVIN?

  • ​Ein bergart som er attraktiv for industrien. Blir brukt mellom anna til å binde slaggstoffer, under produksjon av stål
  • Alternativet, dolomitt, gir høge CO2-utslepp.  Olivin er derfor eit klimavennleg alternativ
  • Mineralet kan også 
  • binde til seg giftige tungmetall
  • Sunnmøre har nokre av verdas einaste driveverdige førekomstar