Børsta støvet av konflikten

Front: Gruvekonflikt i Steinsvika

KORTREIST STØV: Sindre Kvangarsnes var plaga av støv frå utskipingshamna i vår. Når Kvangarsnes og Welsvik har målt støvmengde, har dei kome til ulike konklusjonar. Foto: privat.

Olivinstriden i Steinsvika: To ressursterke menn med makt. Ein overflatisk konflikt med problem djupe som gruvegangar.

Inst inn i den trange Dalsfjorden, produserer eit selskap noko som er attraktivt for verdsmarknaden. Gigantiske haugar med eit uendeleg tal grønkvite sandkorn, fangar lett blikket til den som ikkje er vand med synet.   

Når nordavinden eller solgangsbrisen kjem inn gjennom Dalsfjorden, støvar det frå utskipingshamna og over på dei næraste naboane.  Ein nabo som verkeleg fekk nok var Sindre Kvangarsnes, tidlegare leiar i det lokale grendalaget. I dag sit han i Volda kommunestyre for Frp. «Nok er nok. Det er på høg tid å avslutte dette eventyret», skreiv han i eit brev til Volda kommune i mai i år. 

Forretningsmann i blå arbeidsdress 

Det er nok heller økonomi enn støv Robert Per Otto Welsvik tenker på når han trampar støvlane sine ned i den fuktige sanda, i det han synfarer anlegget sitt. Det er oppknust olivin, eit mineral med spesielle eigenskapar.

Norsk olivin er ettertrakta, sjølvsagt verdas beste i følge nordmannen Welsvik. Det er få driveverdige førekomstar i verda. Mineralet nyttast som slaggbindar, mellom anna av Welsvik sine kunder i den tyske stålindustrien.  

Her i Steinsvika i Dalsfjorden burde forholda i utgangspunktet ligge til rette: olivinen ligg lett tilgjengeleg, og ein har sjøleia til å frakte ut.  

– Ja, kva vil du vite?

Robert Welsvik møter meg i blå arbeidsdress, med ein hammar i handa, og klemmer til med eit nesten demonstrativt fast handtrykk, med ein romsleg arbeidsneve. Rykta seier at han pleidde å kjøre båt frå Velsvika til jobben i Ulsteinvik i dress og slips, med uteklede over. 

– Sindre Kvangarsnes gjekk ut i Sunnmørsposten no i mai og protestererte mot støv frå anlegget, ikkje sant? 

–  Joda. Vi må hugse at det ikkje var drift her i 2016, og berre nokre månader no i år, eg vil ikkje dramatisere det med støv.  

– Du sa at om ein ikkje toler ulempene ved å bu på bygda, får ein flytte til byen. 

– Ja, eg bur rett ved eit grisefjøs sjølv. Det vil alltid vere nokon som er nøgde og nokon som er misnøgde. Det er derfor statlege tilsynsorgan har det siste ordet.

Meiner Welsvik bryt lova 

– Vi trudde vi hadde bygd husa våre på ein freda plett på jorda, seier Kvangarsnes på telefon.

Han sender over bilete han tok då det støva det som verst. «Velkomen på synfaring Robert W», står det skrive i glasplate på bordet. I Sunnmørsposten sin sak frå 10. mai, ser vi eit tilsvarande bilete der det står «nok er nok».   

Kvangarsnes slo i bordet, nærast bokstaveleg talt, med ein rekke paragrafar han meiner Welsvik bryt. Dette i eit brev til Volda kommune på omtrent same tid som oppslaget i Sunnmørsposten.  Paragraf 30-4 i forurensningsforskriften seier at drivaren av ei gruve, pliktar å dempe eventuelle støvplagar, til dømes gjennom eit automatisk vatningsanlegg. 

–  Welsvik seier at det er berre å kontakte han, så slår han på vatningsanlegget som dempar støvet.

– Det å  liksom skulle ha ei sånn varslingsordning… det er så useriøst at det seier noko om nivået her.

LYS I TUNNELEN? Welsvik har framleis til gode å få skikkeleg dreis på olivineksporten. I 2016 var det null produksjon. I år er han optimist. Andre skulle ønske han la ned verksemde på flekken. Foto: Tarjei Engeset Ofstad. 

Reagerte på metallforsøpling etter konkurs 

Vi går gjennom ein tunnell 17 meter over bakken og utpå det som kunne vore eit i overkant høgt stupetårn. Sjølufta ruskar i håret. Dette kaianlegget vart finansiert av eit risikabelt lån frå Volda kommune, som bankane ikkje ville gi. 

Her til kaia  kjem lasteskip, og får olivinsanda mata ut gjennom dette svære røret. Iallfall i dei få periodane olivinprisen er god nok. Etter ein konkurs i 2009, såg det ikkje ut her. På anleggsområdet låg det ruste metallgjenstandar hultertibulter.

Sindre Kvangarsnes var grendelagsleiar på denne tida. Også då protesterte han mot Welsvik.

Men det var lokale underleverandørar som hadde ansvaret for gjenstandane. Selskapet opererer nemleg utan eigne tilsette, fordi produksjonen er sesongbasert.

Kvangarsnes reagerer på det han ser, støv, og reagerte på det han såg, metallsøppel. Dette er overflatiske problem, samanlikna med dei verkelege kontroversane. Med Welsvik som styreleiar, gjekk det førre selskapet konkurs med 17,5 millionar i gjeld. Det til tross for at dei fekk lov til å opne dagbrot i ein nærast urørt fjelldal, nettopp av omsyn til inntjening.

I del 2  grev vi oss djupare ned i gruvehistoria  

Tarjei Engeset Ofstad

Tarjei Engeset Ofstad

Les flere artikler fra Tarjei Engeset Ofstad.

Journalistikkstudent ved Høgskulen i Volda. Særleg interessert i sakar som verdrører både næringsliv og natur- og miljøvern, samstundes. 

    KVA ER OLIVIN?

  • ​Ein bergart som er attraktiv for industrien. Blir brukt mellom anna til å binde slaggstoffer, under produksjon av stål
  • Alternativet, dolomitt, gir høge CO2-utslepp.  Olivin er derfor eit klimavennleg alternativ
  • Mineralet kan også 
  • binde til seg giftige tungmetall
  • Sunnmøre har nokre av verdas einaste driveverdige førekomstar