– Eg kjøper ikkje påstandane om at kattane vart påkøyrd

Frykter dyremishandling Hareid

BEKYMRA: Damene frå ytre Hareid håper mistankane deira om mogleg dyremishandling i nabolaget ikkje stemmer

Laurdag 2. september vart katten til Evy-Ann Hareide (52) funnen skada utanfor heimen hennar på Ytre Hareid. I etterkant har ho lagt ut historia si på Facebook, og det har ført til at fleire frå same område har stått fram med liknande hendingar.

Evy-Ann fekk melding frå dottera si, Henriette (20), om at der var mykje blod rundt om i huset. Då ho kom heim, fann ho katten på plattingen. Han var apatisk. Heile venstre bakfot var flerra. Matmor mistenkte dyremishandling med ein gong ho såg kor fint snittet var. Mor og dotter tok katten med til dyrlegen. Der la dei fram teorien sin om mogleg mishandling, men fekk beskjed om at det mest sannsynleg heller var snakk om påkjørsel. Evy-Ann er tydeleg irritert og legg til:

– Eg er sjølvsagt ikkje einig i desse påstandane. Eg trur at om katten hadde vorte påkjørt, ville den hatt mykje større skader. Dette var ein kattunge. Den burde hatt brot og kanskje også indre skader.

– ​Når og om ein katt vert påkjørt, burde den vel vere ganske rufsete og kanskje også skitten? Min var heilt rein og fin i pelsen då eg fann han. Katten kom også frå marka bak huset vårt, og der er det ingen bilar som køyrer.

Skadane var store

Skadane var store, og valet falt på å avlive dyret. I etterkant av hendinga kom Evy-Ann i prat med naboen, May-Britt Moldskred (33), som kunne fortelje at hennar katt hadde kome heim med same skade som den avdøde katten hadde pådrege seg. Beskjeden May-Britt fekk frå dyrlegen var at katten mest sannsynlig hadde satt seg fast i eit gjerde og dermed flerra seg opp i prosessen ved å kome seg laus. Ho enda opp med å måtte avlive katten.

AVLIVA: Katten til May-Britt Moldskred, Morris, måtte også bøte med livet. Foto: May-Britt Moldskred 

– Eg trur ikkje at ein katt har ei så fin og reinskåra flerre av å sete seg fast i for eksempel piggtråd, påpeikar May-Britt. 

Sett liknande skader

Veterinær hjå Ørsta Volda dyreklinikk, Siw Lødemæl, har fått sett på bileta av kattane som vart avliva og har sine eigne teoriar:

– Det held ikkje å berre studere bileta, det må ei undersøking til. Difor har eg ikkje lyst å gje nokon kommentar på dette, seier ho. 

– Det eg kan seie er at eg har sett ei liknande skade ein gong, og det var ein katt som låg og sov i graset, og dermed ikkje klarte å kome seg unna slåmaskina. Eg har også sett kattar som har fått halen eller poten under bildekk, og dei ser nesten flådde ut. Mange trur difor at katten har vorte mishandla.

Ved informasjon om kva veterinæren fortel reagerer Evy-Ann med forståing, men vil gjerne leggje til at ho kan forstå synspunkta, men at det ikkje er slåmaskiner i byggefeltet.

– Eg reknar med at om det skulle gjelde ein vanleg grasklippar hadde vedkomande sagt ifrå. Når det gjeld at katten kunne vorte fanga under eit bildekk so veit eg ikkje, men då reknar eg med at den hadde hatt brotskader.

Vurderer å anmelde

Evy-Ann seier vidare at ho vurderte å anmelde saka si, men at ho til slutt valte å berre snakke med politiet og få deira synspunkt. Ifølgje ho sjølv, meinte politiet det same som ho: at det ikkje såg ut som ein påkjørt katt, snittet var for fint og skadane for små.

– Eg fekk beskjed om at det måtte rapporterast og at dei skulle snakke med veterinær. Eg hadde rekna med at dei ga eit lite pip frå seg, men eg har ikkje høyrt noko meir, anna enn at «vi kan ikkje gjere noko med slike hendingar». Då sa eg at det burde dei kanskje byrje med, sidan det skjer so mykje mistenkjeleg på Ytre Hareid.

DJUPT SÅR: Kattungen hadde for store skader til å kunne leve vidare. Foto: Evy-Ann Hareide 

– Det er jo min katt

Jorunn Nygjerde Hareide (75) har to kattar og bur i same nabolag som dei to andre. For ei tid tilbake forsvann begge kattane, på same tid. Den eine kom heim etter ei stund, men den andre var sporlaust forsvunnen i heile to månadar. Ein dag var det nokon busett i nabobygda, Brandal, som la ut eit bilde av ein katt på Facebook.

– Det er jo min katt, fortel Jorunn at ho tenkte då ho såg biletet.

Han var redd og urolig i eit par dagar etter at matmor fekk han heim. No i etterkant har han vorte heilt forandra og vil ikkje ut. Han er avhengig av kontakt og taklar ikkje sjå ho forlate rommet. Katten er også livredd bilar og framande folk.

– Er det nokon som har prøvd å ta med begge kattane i bil, men som berre lykkast å få med seg den eine? Det har vi snakka veldig mykje om. Noko har kattane i alle fall opplevd.

– Om ein katt går heilt til Brandal, so klarer den også å lukte seg heimatt. Men om den har vorte frakta dit og berre dumpa, kan det då kanskje forklare kvifor den ikkje fann heimatt? spør Hareide.

TRIST DAG: Skadane på kattungen til Evy-Ann var so store at ho valte å avlive den. Evy-Ann Hareide 

Håper på naturlig forklaring

Evy-Ann har mista to kattar til, som òg forsvann på same dag for ei tid tilbake. Alle kjente til kattane, men ingen har sett dei. Ho har etterlyst dei gjennom Facebook, men til slutt ga ho opp å leite aktivt. Damene meiner det er merkelig at det berre er på Ytre Hareid, frå Nobbaområdet og ut mot Korsneset, desse hendingane går føre seg. Tidleg januar 2016 skreiv Vikebladet om katten Bella som fekk halen sin flådd på nyttårsaftan. Eigarane meinte det var menneske som stod bak. Både området der hendinga gjekk føre seg og utkomet er det same, no, over eit år seinare.

– Vi høyrer aldri om slike hendingar på indre Hareid. Joda, kattar forsvinn der også, men dei kjem vanlegvis attende. Kattane på ytre kjem som oftast heim dei og, men då har dei til tider vorte skada på ein eller annan måte. Om det er ein eller fleire personar som driv på med dyremishandling, so trur vi at dei kanskje held til på Ytre Hareid. Sjølvsagt håpar vi at det ikkje stemmer og at alle desse situasjonane har meir naturlege forklaringar.

Kjem an på bevis

Fungerande lensmann ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Even Haavik, kan fortelje at det er ulike måtar å gå fram på om ein mistenkjer dyremishandling.

– Det kjem an på bevismateriale. Om du sjølv har vore vitne til aktiv mishandling av dyr, og har bevis i form av til dømes bileter eller video, bør du gå rett til politiet og anmelde saka. Om du berre har mistanke om dyremishandling, anbefaler eg deg å gå via veterinær og mattilsynet før du dukkar opp på politikontoret. Om du har dei i ryggen, kan du lettare ha ei sak for vidare undersøking.

Kristin Ness, avdelingssjef hjå Mattilsynet avdeling Sunnmøre, ser at slike saker kan skremme og skape usikkerheit hjå dyreeigarane. Ho kan ha forståing at damene ynskjer å ta dette eit steg vidare, og hennar anbefaling er då å møte opp hjå politiet i samla tropp.

– Det gjev meir truverdigheit til mistankane når fleire står saman for å få oppretta sak, i alle fall når ein ikkje har meir bevismateriale enn bileter av dei skada kattane, seier Ness.

Stiller gjerne som dyrepoliti

– Eg kjem aldri til å gje meg! Eg skal finne ut kva som gjeng føre seg her på ytre Hareid, og eg stiller gjerne opp som frivillig dyrepoliti, om det kan gjere oss og dyra tryggare, avsluttar Evy Ann.

Har du tips eller bevis om dyremishandling på Hareid? Ta kontakt med Næravisa på nett@hivolda.no eller tlf. 70 07 51 80.